Europatur 2: Miklagard Boogaloo, er i gong!

Med berre små endringar i siste minutt er me i gong!

Eit mindre hinder på vegen...

Eit mindre hinder på vegen…

Volvoen vart ikkje EU-godkjend i dag, men me er i gong med årets europatur. Dette er mykje takka være min bror Øystein som var gild nok til å låna oss Almeraen sin. Berre ein time etter skjema la me ut på årets europaturne, første stopp vert Haugesund for å henta nytt intergalaktisk forsikringsprov.

Alternativ motorvon.

Alternativ motorvogn.

Som kjend er det aust-europa som gjeld i år. Me har ambisonar om å gjere oss ferdig med Europa ved å køyre heilt til Asia. Det betyr at målet for turen vert Konstantinopel eller Istanbul, som dei aller mest progressive kallar hovudstaden i det bysantiske riket. Då me ikkje nådde heilt til Roma forrige gong, heilgarderer me denne gongen og vitjar det meste som kan kallast hovudstadar i Romerriket, både det Tyske og det Austlege. Planen er å reise i viking til både Wien, Berlin og Istanbul i tillegg til ei røys med andre byar.

Denne turen vart teken litt meir på sparket en den første turen og då me ikkje viste om bilen vart EU-godkjend før no, vart det ikkje høve til å ta snarvegen over Skagerak. Dette er sjølvsagt ein fordel for oss, det betyr at me slepp å stå 5 timar på ferjekaien i Kristiansand fordi me ikkje er så gode på å lesa billettane våre. Ein annan fordel er at me kan unngå ferjer heilt og kunna seia seinare at me køyrde heile vegen. Dette fordrar sjølvsagt at me greier å finne Øresund-brua denne gongen, men me har bedt GPSen om å unngå ferjer, så me får sjå korleis det går.

Nett no er utfordringa å komma oss ut av Noreg. Andrè har triveleg som han er påteke seg fyrste vakta, noko som betyr at eg lyt køyra gjennom Tyskland i natt. Me tek sikte på å nå Praha i på føremiddagen i morgon. Alt dette betyr at eg no lyt prøva å få meg litt søvn. Neste oppdatering, med klaging på kor dårleg eller lite eg sov og kor lite spanandes det er å sjå i Tyskland på nattestid, kjem allreide i morgon.

Nytt og bedre intergalaktisk forsikringsprov.

Nytt og bedre intergalaktisk forsikringsprov.

Eg skal gjere heiderlege forsøke på å Nissanifisere bloggen ein av dei næraste dagane, men ett no skal eg kvila litt. Spenn dykk fast, bokmerk vhaslum.com, følg med i sosiale media og nyt sumaren. Det er no det startar.

Vyrdsamt Vidar.

2 thoughts on “Europatur 2: Miklagard Boogaloo, er i gong!

  1. Må væra forsiktig med Almeraen, husk han e berre 10 år yngre enn Volvoen.
    Visa seg at da e slitesterke bilar eg kjøper 🙂

Leave a Reply

Your email address will not be published.