På shopping i Praha

Turistbefengte gater. Eg trur dei tek bilete av kyrkja øverst til høgre.

Turistbefengte gater. Eg trur dei tek bilete av kyrkja øverst til høgre.

Me ankom Praha som planlagd rundt klokka 14. Då me var så tidleg framme unna me oss ein halvtime til banning, kranging og nesten-kollisjonar under vår ville jakt på parkeringshus gjennom Prahas gater. Me fann til slutt eit parkeringshus i akseptabel avstadnd i frå hotellet. Å finne hotellet gjekk heilt smertefritt. Det var plassert like ved eit bru som vistnok er kjend, så det var berre til å følge straumen av turistar.

Inne på hotellrommet oppdaga me at dette hadde André fått til. Rommet var utstyrt med to bad, air condition, wifi og soverom i andre høgda. Badet i hovudetasjen var utstyrt med marmorgolv, dusj og bidèt, medan badet oppe hadde badekar og ellers dei samme fasilitetane som det nede. Me oppdaterte bloggen, tok oss ein ankerdram og sette ut på jakt etter noko å leska strupen på.

Hotellrommet, med ekstra bad og soverom oppe.

Hotellrommet, med ekstra bad og soverom oppe.

Véret var godt, men det var ikkje for varmt. Eg som førde bukse koste meg på uteresturanten, men Mads som av prinsipp ikkje tok med seg bukse på turen, kom litt til kort, men han klagde ikkje. André derimot, som faktisk hadde bukse uttrykkte sin misnøye om temperaturen så ofte at Mads vart nødd å be om eit pledd til han. Utakksam som han er nekta han sjølvsagt å nytta det, men eg trur han holdt varmen med å fortsetja å klage. Etter eit par pils og litt lett lunch sette me kursen for å få kloa i pantelonere til Doktoren og ei røkejakke til André.

Det vart brått openbart at denne byen overhode ikkje er laga for shopping. Me vart gåande meir eller mindre i tog rundt i Praha. Byen er infisert av turistar. Kva alle skal der anar eg ikkje, men eg mistenkjer at dei jobba med å få fotografert den lokale kyrkja eller eit liknande landemerke. Etter å ha vandra gatelongs på jakt etter herre-ekvipasjen i lengre tid utan å finne anna enn juggel-forhandlarar, resturantar og gamle bygningar gav me opp shopping. Me endra planen til å finne ein pubb. André som er lommekjend i Praha etter å ha sett byen på eit kart ein gong påtok seg ansvaret for å leda oss til det han hevda var den røytnaste pubben i heile Praha. Som de sikkert har forstått så var det absolutt ikkje den røynaste pubben i Praha, det var eit turistbefeng hôl i bakken, men dei hadde øl, så me var nøgde.

Jensen Pirken-pennen som doktoren nekta meg å kjøpe.

Jensen Pirken-pennen som doktoren nekta meg å kjøpe.

På veg til denne perla av ein pubb, vart onkel reisende Mads eller Doktor utan grenser, som han ynskjer å bli kalla, trengd. Som gamle lesarar sikkert forstår så var det ikkje noko enkel sak for oss å finne pubben så etter ei stund var han så trengd at han kjøpte seg ein burger på Burger King for å låne toalettet, det hjalp han ytterst lite då ein laut putte eit knippe av dei lokale trepengane på døra for å få nytte høvet der. Det er valutta me sjølvsagt ikkje fører, så han vart nødt til å tigga til seg pengar av to karar på gata utanføre. Som dreven tiggar fekk han det godt til og fekk utført operasjonen.

400 kr med penn og notisblokk.

400 kr med penn og notisblokk.

Kvelden fortsette med eit knippe pils og kaffi med brennevin på ein noko ærlegare pubb. Brått var klokka sju og me var godt påsegla. Me visste at me ikkje kom til å greie å hugse alt me gjorde så me bestemde oss for å investere i ei notisblokk og ein penn. Skrivesaker selde dei på nabobutikken. Som synt på bilete fekk me tak i både penn og papir, men doktoren nekta meg å betale 300 kr for Jensen Pirken-pennen, så han brann inne med å betale 400 kr for det på biletet i staden.

Då me hadde fått i oss litt middag gjekk klokka mot ni, så me gav resten av dei nyvunne trepengane våre til ein kar med hund på ryggjen og sette kursen mot hotellet for å få oss ei god natt søvn, den første på fleire dagar for min del.

Vyrdsamt Vidar.

Leave a Reply

Your email address will not be published.