Øl og Mozart-kuler i Wien

Lunchblogging på "Engelsk cafe" i Wien

Lunchblogging på “Engelsk cafe” i Wien

Etter 12 timar på puta i Praha gjorde me oss klare for ein kort biltur til Wien. Me fann att bilen der me parkerte den, ikkje stolen, ikkje avskilta ikkje vekketaua og ikkje knust. Ein bra start på dagen. Sjølve køyreturen gjekk og veldig bra, me fann eit parkeringshus i høveleg avstand til hotellet, på veg der til oppdaga me at det var minst 3 parkeringshus som var nærare ikkje minst det i kjellaren på Marcus Aurelius hotell, men litt spassering er jo sunt så me tok det ikkje så tungt. Då køyreturen hadde vore så kort, ikkje anna enn omlag 4 timar, hadde me ikkje ete på vegen så me satsa på lunch og blogging på den engelske bok-kaféen like ved hotellet. Me sat ute og åt så eg var ikkje innom der sjølv men i fylgje André var det ikkje ein bok-kafè i det heile men meir eller mindre opiumsbule der alle låg strødd i kjellaren, røkte og såg på video. Det kan eg ikkje bekrefte, men om André seier det så er det sikkert rett, maten var iallfall god og eg fekk publisert bloggen utan å sitje å svette på eit hotellrom.

Lime-lettøl og frukost til Doktoren.

Lime-lettøl og frukost til Doktoren.

På veg til ein lokal pubb med solvegg stoppa me innom og fekk kjøpt oss ein sekk med Mozart-kuler. Desse tenkte me å belønna kvarandre med ved eksepsjonell opførsel. Dei var oppetne før me var ute av butikken, men eg velger å tru at det berre er fordi oppførselen vår var så eksepsjonell. På solveggspubben tok André ansvaret for å tinga pils. Språklege barrierer gjorde at me brant inne med kvar vår lettøl med lime smak, servert i dei noko tvilsome 0,2 glasa. Ølet var ikkje så hakkande det, men me tek med oss kunskapen om at limetten radler ikkje nødvendigvis er det ein skal ha. Mads styrte elegant frå lettølen og gjekk for ein sein frukost i staden, sjå bilete.

Då sola forsvann bak keisermausoleet og det trakk litt ute på solveggspubben, gjekk me vidare til det som er min personlege favorittpubb i Wien. Det var den pubben der det berre sat ein gudbråte med gamle damer og røkte. Bartendrøsa var ikkje noko unntak som førte høglytte diskusjonar tidvis med to sigarettar i kjeften samtidig. Eg treng vell ikkje fortelje at me kjende oss heime der og vart sitjande heilt til det var på tide med mat igjen.

Nesten garantert ei kjend kyrkja.

Nesten garantert ei kjend kyrkja.

Google skraut voldsomt over eit lokalt biffhus. Og når eg seier skraut voldsomt var det mange som hadde klaga på at dei førte røykjing i hovudetasjen så røyken seiv opp på den røkfrie hemsen, eit optimalt etablisement for oss. Då me kom fram viste det seg at me var vorten lurt. Dei hadde avvikla røkerommet heilt, men voltne som me var beit me i oss skuffinga og tinga oss eit par biffar. Dei vart serverte med poteter, saus og bønner, men meir om akkurat dei bønnene i morgon.

I jakta på ein ærleg pubb der det potensielt ikkje berre var gamle damer, men utan noko hardt krav om det, havna me plutseleg innom på den Australske pubben. Australsk ikkje Austeriksk, de veit den pubben med alle digeridooane og boomerangane på veggen. Me tinga oss det me trudde var ei pils, men stod over dei friterte grashoppane. Det synte seg fort at lokalt merke på den Australske pubben er Fosters og å kalle det pils er eit hån mot ærlege bryggjeri vera over. Me drakk hurtig opp og gav opp heile down under. Neste stopp skulle me ha skikkeleg øl.

Som synt her vart kvelden litt tåkete etterkvart.

Som synt her vart kvelden litt tåkete etterkvart.

Det var byrja å bli seint, så me tok ut retning mot hotellet og tenkte å stoppa innom på ein pubb for ei siste øl før me returnerte. Det angra me ikkje på. Ei gate frå hotellet fann me ein craft beers pubb, i den kjende industrielle stilen med nakne lyspærer og ubehandla trevirke overalt. Der traff me på Duncan, ein ire som hadde budd for lenge i utlendighet til å høyrast irsk ut, men var framleis alkoholikar. Han var ulukkeleg forelska i bartendrøsa, men i fylgje ho hadde han forspilt sine kjangsar då han ein gong hadde nedlagd tvillingsøstera hennar. Ingenting er som eit godt Irsk-Austerisk trekantdrama. Sett vekk i frå han seksuelle eskapadar var Duncan ein triveleg kar og «The charm of the Irish drunk» fekk oss kanskje til å nyte for mykje frå den velutstyrte ølmenyen og før me visste ordet av det var pubben stengd for ein

Kanskje ei eller to for mange?

Kanskje ei eller to for mange?

halvtime sidan. Duncan som hadde kontaktar i Serbia, ja eg innser kor lugubert det høyres ut, men han var jo i dørvaktbransjen, gav oss nummeret sitt i tilfelle me trong hjelp med å bestikke grensevakter eller kom i klammeri med mafiaen. Me takka for laget og forlot Don Juan med sin utkårede i baren. Eg velger å tru at denne historia enda med “og så levde dei lukkeleg alle sine dagar”, men det finn me berre ut om me havnar i uføra og må sette vår lit til ein alkoholisert, ire i Wien, la oss håpe me aldri finn ut korleis det enda.

Denne historia er iallfall over for i dag og den endte med 3 svette karar i ein bil med kurs for Beograd, men meir om det i morgon.

Vyrdsamt Vidar.

Leave a Reply

Your email address will not be published.