På homecoming-fest i Beograd

Eit knippe karar på rådhusplassen. Bilete er lånt hjå 101greatgoals.com som tydelegvis hadde eit litt bedre utsiktspunkt en oss.

Eit knippe karar på rådhusplassen. Bilete er lånt hjå 101greatgoals.com som tydelegvis hadde eit litt bedre utsiktspunkt enn oss.

IMG_20150622_235337

Lokal verdilaus valutta

På våre eventyr gjennom Europa glimtar me stundom til og havnar på plassar der det faktisk skjer noko. Som dei aller fleste sikkert veit slo det Serbiske U20 landslaget Brasil i VM-finalen på laurdag. Som store tilhengjarar av sportsball var jo dette eit unikt høve til å gjere ære på spelarane. Me tima vår ankomst til Beograd slik at me fekk med oss feiringa på torget. Men først litt om den lokale valuttaen.

Det første ein lyt vera klar over om den serbiske valuttaen er at den er verdilaus. Ikkje fordi det er så mange nullar, men fordi dingetning kostar pengar i Serbia. Ein pakke med dei finaste amerikanske sigarettar set deg tilbake 14 kr og ein halvliter på uteserveringa til det fasjonable Hotel Moskva kostar omlag det samme. Ein Tesla, den lokale 100-lappen er verdt i underkant av 7,50 kr. Det er forsåvidt greit me hadde jo tiar-lappar i Noreg i gamle dagar og dei har jo bilete av Tesla på den. Seddelen som bokstavelegtalt ikkje er verd papiret den er printa på er den myteomspunne 10 dinaren. Ein seddel med verdi like over 74 øre burde ha vore forbudt, men André har funne eit bruksområde for den. Som røyten norsk turist har han funne ut at 10 lokale trepengar er akkurat passeleg med tips til dei som fyller bensin og vaskar frontruta på bensinstasjonane.

André hadde tinga rom til oss på Villa Mystique i Beograd, eg ytra mine tvil om at det var eit hotell og mumla nokre setningar om det lokale horehuset, men vart som vanleg nedstemt. Me sette kursen tileg som vanleg og tok fatt på 6 timars køyreturen med friskt mot. Temperaturen i Ungarn og Serbia var godt over det ein kan forventa av ein norsk sumar og myta om eit semifungerande air condition anlegg vart brått knust, men varm luft i røyrsle er vell noko. Svette og fine nådde me grensa til Serbia, den første faktiske grensa me har passert. Her var det passkontroll og gummihanske-stemning. Det var ikkje så mykje av det som vart sagt me forstod, men eit skilt kunne opplyse om at det var maksimalt lov å føre 40 sigarettar over grensa. Dette fell jo på si eiga urimeligheit då sigarettar jo er meir eller mindre gratis i Serbia. Heldigvis hadde me ikkje så mykje sigarettar med oss og det stod ingenting om snus, som doktoren har 10-15 boksar liggjande av i ein pose frå Svinesund. Antageleg lyste det ærlege karar av oss for me vart vinka raskt forbi grensa etter eit kjapt blikk på passa våre. Villa Mystique, here we come.

Ei lokal kyrkje, muligens kjend.

Ei kyrkje, muligens kjend.

Det viste seg at eg hadde teke feil av Villa Mystique, det var ikke eit horehus, men at det var den lokale swingersklubben herskar det ingen tvil om. Med mørke gongar og velplasserte skyvedører mellom romma og i korridorane var mistanke bekrefta. Då me fekk kjeft av personale for å prøve å låse ei dør inn på rommet, vart reisekumpanane min óg overbevist. Swingers-hotell eller ikkje det største problemet med Villa Mystiqe var plasseringar, ei halv mil i frå sentrum, vegg i vegg med den malaysiske ambasaden og utan verken buss eller togforbindelse. Me tok på oss dei beste spasser-sandalane våre og byrja å gå.

Ungdommen, verdsmeistrane.

Ungdommen, verdsmeistrane.

Den farefulle ferden til sentrum involverte kryssing av togspor, lukka auga og håpe på det beste då me gjekk over ein fotgjengarovergong på motorvegen! og prøve å sjå fattig ut då me tussla gjennom favelaen. Akkurat det siste var ganske enkelt, då me ikkje hadde funne ein einaste minibank på turen og faktisk ikkje eigde så mykje som ein Tesla. Etter eit par timar gange, for me gjekk jo ikkje den raskaste vegen, ankom me Hotel Moskva, i hjarta av Beograd. Det var openbart at eitkvart var på gong det store politioppbudet, folkemengdene, syngingar og flaggviftinga var tegn som ikkje ein gong enkle skjeler frå Sagvågen kunne oversjå. For å gjere det interessant tippa me litt oss i mellom på kva som føregjekk før me spurte kelnaren. Mads hadde pengane sine på val eller fotballkamp, André satsa på nasjonaldag eller midtsumarfeiring og eg hevda at det anten var ein støttemarsj for det serbinske nazipartiet eller at dei berre var sånn her nede. Som tidlegare avslørt var Mads nærast. Kelneren kunne avsløre at det var heimkomstfest for det Serbiske fotballlandslaget som nyleg hadde vunne U20 VM. Etter middag, medan me naut oss eit kakestykke kom kortesjen forbi. Komplett med politieskorte, open buss, bengalske lys, flagg og synging, sikkert mykje det samme som då det norske ungdomslandslaget kom heim? Me takka for oss på Hotel Moskva, gav kelneren ein hårreisande lav sum og sette ut for å finne ut kva som eigentleg skulle føregå.

Baileys-pannekaker på Hotel Moskva

Baileys-pannekaker på Hotel Moskva

På rådhusplassen stod det som såg ut for enkle nordbuarar som minst ein million spinnville serbarar. Me leste seinare i lokalavisa at det berre var drygt 50 000, men det var meir en nok for oss. Ikkje forstod me språket dei holdt talar på heller og ikkje var det høve til å bli kvitt nokre av dei lokale trepangane. Ein pubb var tingen me trong. Like nede i gågata hadde dei uteservering og 5 Tesla skaffa oss 3 halvlitrar med den finaste tjekkiske pils. Det var roleg og fredeleg, men det skulle ikkje vare lenge. På fjernsynet såg me at feiringa gjekk mot slutten og då tv-sendinga vart avslutta velta det store mengder folk i sigersrus nedover gågata. Eg prøvde å halde i gong den gode samtalen, men André og Mads var mest opptekne av å betrakte den lokale faunaen. Den gode samtalen hadde nok drukna i sigersbrøl uansett så eg lente meg attende og naut pilsen min i varmen i staden.

Serbarar i kø for å sjå heltane sine.

Serbarar i kø for å sjå heltane sine.

Neste stopp på turen vert Sofia, ein by som er kjend for å vera billegare enn Beograd og er rekna som den 3 billegaste storbyen i Europa, men det fordrar at me kjem oss usodomerte over grensa til Bulgaria. Meir om det i morgon.

Vyrdsamt Vidar

Leave a Reply

Your email address will not be published.