Konstantinnissan til Konstantinopel

Istanbul, medan eg framleis hadde helse til å fotografere.

Istanbul, medan eg framleis hadde helse til å fotografere.

Bilen vår stod akkurat der me hadde parkert den då me reiste i frå Sofia, det er meir enn det som kan seiast når me reiser i frå Istanbul, men meir om det seinare. André fekk betalt parkeringa og det siste strekket til destinasjonen var påbegynt.

Første del av turen frå Sofia til Miklagard gjekk ganske greit. Det var ikkje før etter eit par timar me vart vinka av motorvegen av eit knippe lugubre karar i ein Mercedes. Me forventa oss eit ærleg landeveisrøveri, men då me såg at bilen hadde Tyske skilt slo me det i frå oss. Invasjon var jo eit alternativ, men mest sannsyleg var det berre turistar som var havna i uføra. Me svingte over i vegskuldera og gløtta på glaset.

Where is Istanbul? Spurte dei.

Litt ærlegare hotell denne gongen. Trekk for mangel på strippeklubb.

Litt ærlegare hotell denne gongen. Trekk for mangel på strippeklubb.

Me kikka på GPS-en og forklarte at det var beint framover. Etter utveksling av nokre høfflegheitfrasar og litt takking køyrde begge bilane vidare. 50M lenger framme var vegen stengd, men det gjekk ei avkøyring til høgre og ei til venstre. Me tok av mot venstre, medan tyskarane satsa pengane sine på høgre. Etter kun kort tid skjøna me at venstre var eit dårleg val. Det var meir hest og kjerrer på vegen en bilar og den vart stadig smalare, det at det låg kyr strødd på asfalten hjalp oss óg i avgjersla om å snu og prøve høgre i staden. Då me kom attende til krysset var det sjølvsagt merka med Istanbul til høgre. Etter ei lita stund rekalkulerte GPS-en og me pusta letta ut. Vegen GPS-en føreslo var ein krøttersti, men den viste iallfall vegen til Istanbul i staden for å be oss om å snu som den hadde gjort på den forrige grusvegen. Nokre minuttar på krøtterstien var alt som skulle til før me var ute på motorvegen igjen, det som ikkje var fullt så lovande var at me brått stod i det samme krysset som me hadde møtt tyskarane i tidlegare og måtte nok ein gong velga mellom høgre og venstre. Me lurte litt på å stogge i vegskuldera og sjå om tyskarane dukka opp igjen men slo det i frå oss. Me valgte høgre igjen, og la oss i selen for å unngå å køyre i ring. Då det var skilta beint fram til Istanbul trass i at GPS-en meinte me skulle ta av til høgre fulgte me skiltet i staden for GPS-en. Det skulle visa seg å være lurt.

Handlelista vår. Førebels har me ikkje fått tak i noko av det.

Handlelista vår. Førebels har me ikkje fått tak i noko av det.

Då me var 6-7 Km i frå grensa til Tyrkia byrja køen. Trailerkøen heldigvis. Den strakk seg heile vegen til grensekontrollen og somme yrkjessjåførar hadde rigga seg til med både stormkjøken og hjørnesofa midt på vegen. Me fulgte personbilfila og fekk køyre heilt opp til passkontrollen utan ein bil i sikte. På grensa finkjemde dei Mads sin bagasje, eller dvs. dei nappa litt i glidelåsen på bagen og sende oss vidare. Litt kluring med pass, visum og vognkort seinare var me inne i det Ottomanske riket.

I Tyrkia opererer dei med eit autopass liknande system. Det var me sjølvsagt ikkje klare over, førebuingar er jo ein uting, så me vart nødd å pløya gjennom med blinkande raude lys og uling. Me stogga ved noko som såg ut som eit kontor i håp om å få gjere opp for oss. Det var enklare sagt en gjort. Mannen utanføre kontoret brølte noko på eit språk me ikkje forstod peikte ut på motorvegen og meir eller mindre la på sprong vekk i frå bilen vår. Me tolka det som om alt var OK og la ut på siste del av ferda. Då me nerma oss Konstantinopel kom det ein ny bomstasjon, klare over utfordringa svingte me av på eit kontor før passeringa denne gongen og freista betale for oss. Me hadde ikkje lokal valutta, men fekk fiska nokre Euros ut av setene på Almeraen og greidde med eit naudskrik å betale minsteprisen. Me fortsette gjennom bomstasjonen, men óg denne gongen ulte sirenene og dei raude lysa blinka infernalsk. Anten tek det litt tid før slike autopassmerker vert aktiverte eller så har me kjøpt fine klistremerker hjå den lokale svindlaren. Uansett så har me prøvd vårt beste og om Interpol plutseleg dukkar opp for å innkrevje bompengar, så er det på bror min si dør dei dukkar opp uansett. Eg er ikkje bekymra.

Hagia Sophia, ei lokal kyrkje 100 meter i frå hotellet. Muligens kjend.

Hagia Sophia, ei lokal kyrkje 100 meter i frå hotellet. Muligens kjend.

Istanbul dekka no synsfeltet vårt frå horisont til horisont. Dei lokale var noko meir røynde sjåførar enn oss eller berre sprutande galne som eg trur, så me vart jevnleg forbikøyrd på begge sider og gjerne i vegskulre eller akselerasjonsfelt. Etter ein del kaldsvetting, panikk og eit par tre hjarteinfarkt på mi side førte André bilen inn i det generelle området der hotellet vårt skulle være. Parkeringshus er ikkje oppfunne i Istanbul og gateparkerte bilar stod tett som hagl. Me seig oss opp og ned dei smale brosteinsbelagde gatenen akkompangert av fløytande drosjar, trikkar og ein handfull fleire hjarteinfarkt frå meg. Plutseleg såg me noko som såg ut som ein parkeringsplass. Me stogga og spurte ungdommane der om me kunne stå der eit par dagar. Det var heilt i orden for dei, men det kom til å kosta oss 60 lokale trepengar. Eg syns dette høyrtes ut som eit kupp, for sist eg var i Tyrkia betalte me rett i underkant av ein million for ei pils. Det viser seg no at dei har stroke seks nullar på valuttaen sidan sist eg var her, men 200 kr for to dagar parkeing er jo ikkje direkte knallhardt for røytne norske elektrikarar. Parkeringsplassen var noko tettpakka så me gav i frå oss nøkklane så dei kunne stable inn bilen der det passa dei. Då me byrja å slepe baggar og kufartar utav bagasjerommet spurde parkeringsgutane kva hotell me skulle til. Me sa at me leita etter Alzer hotell og dei peika på nabobygget. Me kunne ikkje ha parkert nærare utan å parkert inne i lobbyen. «Dette fekk me til». Då Mads tok av seg solbrillene på hotellet oppdaga han at han at han hadde gløymt brillene i bilen og gjekk for å henta dei. Etter det eg oppfatta som litt for lang tid kom han attende. Då han hadde kommt parkeringa viste det seg at dei var ute og køyrde litt. Dei tok eit par telefonar, medan Mads hjalp dei med å skubba i gong ein bil. Like etter kom Almeraen attende. Mads fekk brillene sine og dei køyrde avgårde igjen. Då me gjekk forbi parkeringsplassen seinare på kvelden var det ingen spor av Almeraen, så det vert jo spanandes å sjå om me får den att når me skal herifrå om nokre dagar.

Etter at bloggen var oppdatert brukte me kvelden på å tussla rund og sjå oss om i Istanbul, men meir om vår sysslar i verdas femte største by i morgon. No skal me nett smake litt på det lokale ølet. Igjen.

Vyrdsamt Vidar

Leave a Reply

Your email address will not be published.