På handelsreise i Konstantinopel

Ein lokal park, muligens kjend.

Ein lokal park, muligens kjend.

Etter ei vellukka parkering onsdagskveld var me overbeviste om at Istanbul kom me til å få til. Så feil kan ein ta, men meir om det litt seinare. Først eit par generelle ord om verdas femte største by.

Det er sikkert ikkje vits i å påpeika det, men byen er massiv. Det er by så longt auga kan sjå, uansett kor du ser og uansett kor høgt oppe du er, er det berre havet som bryt biletet av by. Me hadde anlagd oss med hotell midt i turiststrøket i gamlebyen og godt er det. For ei pils er ikkje berre berre å oppdrive under ramadan. Heldigvis gjorde dei litt unnntak i turistgatene. Problema med å bu i ei turistfelle er openbare og eg kunne ha hissa meg opp på selfiestick-selgarar og liknande, men anntek at den gode doktoren tek seg av det i neste reisebrev.

På handletur i Grand Bazaar

Eit stred, muligens kjend.

Eit stred, muligens kjend.

Grand Bazaar i Istanbul er verdens mest besøkte turistfelle, umm atraksjon. Me burde eigentleg ha visst bedre en å vitja den, men me hadde jo lova vekk fezar og juggel til kreti og pleti heime, så me vart nesten nødt. Første forsøk på Grand Bazaar gjekk akkurat som forventa og resulterte i ei spektakulær feiling. Med over 3000 butikkar, skulle ein jo tru at dei hadde noko interessant eller brukande, men for å sitere André då dei prøvde å prakka på han ny skinkejakke.

«Leather jacket, are you crazy, it’s 30 degrees outside.»

Og det fanga eigentleg essensen i bazaaren. Ein gudbråte med butikkar som selde akkurat det samme og det var berre heilt udugelege ting som gull, skinkejakker, lysekroner og tepper. Lett oppjazza sette me kursen ut av bazaaren og mot ein liten bokhandlar der Mads hadde høyrt rykte om at dei selde engelske bøker. Dei selde engelske bøker men det hadde nokre likheitstrekk med bazaaren, for dei selde berre bøker om gull, skinkejakker, lysekroner og tepper. Jo, ja, dei hadde ei røys med bøker om Istanbul og eit knippe bøker av lokale forfattarar óg, men de ser poenget.

Etter eit par pils i ølsalgbar sone, bestemde me oss for å prøve bazaaren igjen. Me hadde jo trass alt ei god handleliste og så var det alt juggelet me hadde lova vekk då. Før me kom oss i frå bordet fekk me utført delar av oppdraget. Ein gutunge kom bort til oss og prøvde å få seld oss litt juggel. Han bad om 10 lire for ein juggel. Som drevne prutarar forhandla me oss ned i 22 for 3. Litt verre var det då han ville ha betalt i Euro og runda det av til 10 Euro for 3. Litt i uføra med omrekning gjennom ein 3-4 valuttar, for me opererte jo framleis med at ein lire var 3/4 Lev som igjen var 1/4 Euro som er rundt 9 Kr. Lett stressa gav me han 10 euro og han forsvann. Då me finrekna litt på det etterpå viste det seg at me hadde betalt litt meget. Totalt sett hadde me spart 20 øre på utgongsprisen, så drygt 7 øre mindre per juggel en det han bad om. Drevne prutarar, dette fekk me til. Noko seinare på dagen traff me på ein annan gutunge som ville selja oss same type juggel. «Kuppet» me trudde me hadde gjort hjå han forrige viste seg å vera enda dårlegare en me trudde. Denne nye guten ville berre ha 5 euro for 5 juggel. Ein euro per juggel. Eg har vanskeleg for å takke nei til eit så kankande godt tilbud, men kom i siste øyeblikk på noko eg ein gong har lært om «Sunk cost» og slo det i frå meg, me hadde jo overhode ikkje bruk for åtte juggel, tre var jo allreide for meget.

Delvis utført handleoppdrag.

Delvis utført handleoppdrag.

Inne i bazaren fordelte me arbeidsoppgåver og spredde oss. Andre skulle handle byblomar til venar og familie, doktoren skulle ha krumsabel og spassérstokk og eg skulle skaffe stråhatt, fezzar og vannpipe. Overkommelege arbeidsoppgåver for vanlege karar, men me er jo ikkje vanlege karar. Då me møttes på ein café utanføre ein timestid seinare var det på tide å telje opp gevinsten. André hadde utfør oppdraget på meisterleg vis. Han hadde gått klar alle skinkejakkene og fått kjøpt gåver til både venar og familie, noko av det sikkert til ein rimeleg pris óg, eller iallfall ikkje vorten regelrett svindla. Meg var det verre med. Eg hadde fått pissa for berre 1 lire og kjøpt meg sigarettar. Mads kom om mulig enda dårlegare ut av det. Han hadde sotte på caféen i bortimot ein time og latt seg svinldla. Den noko innpåslitne kelnaren hadde lurt i han eit utal koppar gloheit, men jevleg kaffi, som han etter ryktene hadde trua Mads med kniv til å tylle i seg i eit forrykande tempo. Eit knippe muffins og nokre ekle søtsaker óg pådrege seg. Dette fekk me til.

På tredje forsøk på å få kloa i fezzar tok eg med meg André. Det var openbart at han var den einaste som forstod dei lokale skikkane og greidde å handle noko som helst. Då gjekk alt longt betre, me fekk kloa i ein stabel med genuine made in China ottomanske fezzar og gav opp heile bazaaren til fordel for å smake litt på det lokale brygget og få i oss lunch.

Då me er på reisefot er me heldigvis unnteken fasten under ramadan og kunne påkoste oss både mat og drykk til lunch mange timar før solnedgong. Me brukte resten av dagen til å sjå på lokale kyrkjer og tussla rundt i parkane. Då det nerma seg kveld sjekka med tidspunktet for solnedgong og konkluderte med at me måtte få oss middag før ramadanrushet klokka 2040. Det var allreide byrja å byggje seg opp køar på gatekjøkna og folk var trekkt ut i parkane med pikknikkkorgene sine, antageleg hôlsvoltne og klare for ein røyk og eit bedre måltid. Eg lot oss lura inn på det som såg ut som eit finare eteri, men som seinare skulle visa seg å være nok ei turistfelle. Med stive prisar, halvgrei mat og ein lokal vin så jevlege at me ikkje har sett maken siden den spanske brandyen, la eg meg longflat og beklagde ovenfor kompisane mine. Dei nikka sympatiserande og godttok unskuldinga mi.

Resten av kvelden vart me sitjande i hotellbaren. Eg syns ikkje det er vits å spassere nokre 100 meter frå hotellet når ein allreide har reist 4000 Km, spesielt ikkje når hotellet ligg midt på torget og fører akkurat det samme lokale ølet som alle dei andre pubbane.

I morgon seier me oss forsynt med Istanbul og sét kursen mot sydenferie i Bloody Beach, men ikkje før me har vore ein snartur over Bosporos, men meir om det i morgon.

Vyrdsamt Vidar.

2 thoughts on “På handelsreise i Konstantinopel

  1. Altså……eg har hatt Almeraen i eige i 3 år, og da var ifjor. Allereie då var førarsetet utslite, og eg lure på korleis da e å sitta å kjøra den bilen so lenge/langt?

    • Ikkje til å ambefalle, går ikkje mangen minutter før ein kjennar der i ryggen, og etter Ein time eller to gjer da vondt i foten, etter 4t så begynner du å bli lei i rævo også, ellers heilt okay å kjøra så langt.

Leave a Reply

Your email address will not be published.