På veg heim, med pitstop i Asia og Syden.

Asia i forgrunnen, Europa bak, eller omvendt eg er ikkje heilt sikker.

Asia i forgrunnen, Europa bak, eller omvendt eg er ikkje heilt sikker. Midt i bilete kan ein skimte ei lokal kyrkje. Den er potensielt kjend.

Fredag morgon vakna eg av ein draum eller snarare eit slags mareritt. I draumen var André prega av Bazaaren og låg og pruta på skuldege bompengar i eit grensepass nordvest i Tyrkia. Men meir om både skuldege bompengar og grensekontrollar seinare. Først måtte me finna att bilen. Det skulle visa seg å vera enklare enn først anteke, den stod parkert i eit smaug like ved der me hadde parkert den. Den var like heil og me betalte dei lokale ungdommane rikeleg med våre siste lire. Det var på tide å komma seg heim.

Etter ei veke på vegen, sette me kursen heimover, men først laut me krysse Bosporos. Som Wikipedia seier det: “Bosporos er stredet som deler den europeiske delen og den asiatiske delen av Tyrkia, og forbinder Marmarahavet med Svartehavet.” Med andre ord var det Bosporos som måtte kryssast for å kunne seia at me hadde køyrd til Asia. Me sette oss i bilen stillde GPSen på Sunny Beach Bulgaria, men bad den om å køre via Boğaziçi Köprüsü, eller Bosphorus Bridge som den heiter på godt norsk. Då me kryssa brua blinka det grønt i autopassen og me fekk i det minste bekrefta at me ikkje berre hadde kjøpt fine klistremerker. På Asiatisk side fekk me me knipsa eit knippe bilete som bevis på at me hadde gjort det og starta heimturen på skikkeleg.

Utsikten i frå "Suiten"

Utsikten i frå “Suiten”

Grensepasseringa attende til Bulgaria gjekk veldig greit. Me slapp å prute på skuldege bompengar så då er iallfall eg trygg, det er verre når brodern vert henta av Interpol, men den tid den sorg. Det einaste som er verdt å nemna med grensepasseringa er han som skulle sjekke papira på bilen. Han såg på forsikringsprovet, bladde litt i passa, kikka i det eine passet, kikka på oss, kikka i passet og spurte. Who is Vidar? I am, svara eg. Han kikka ned i passet, kikka på meg igjen og yttra. What happend to you, man? Eg rekna med han tenkte på alt det manglande skjegget på passbilete så det var forventa, det eg ikkje hadde forventa var at han skulle snu seg og vise passbilete mitt til ho på nabopulten, seie noko på eit språk eg ikkje forstod og peika på meg før dei begge braut ut i latter.

Hatt er sikkra, eg er meget nøgd.

Hatt er sikkra, eg er meget nøgd.

Nokre kilometer inn i Bulgaria vart me vinka til side av ein mann i politiuniform. Me forventa som vanleg landeveisrøveri, men greidde å styre oss frå å gje gass forbi. Me stogga og han stakk hovudet inn vinduet, kikka på oss alle tre og og sa GO! Me tolka det som å bety berre køyr og det var sikkert riktig, det var iallfall ingen som la seg på hjul. Vår konklusjon var at det anten var bilbeltekontroll eller at han var så dårleg i Engelsk at han fann ut at han ikkje fekk utretta noko der uansett.

Då me kom fram til Gomorra, sjekka me inn på “suiten” vår på all-inclusive hotellet og stupte sporenstreks uti bassenget. André er etterkvart vorten ein røynd hotelltingar og hotellet låg to steinkast frå stranda og eit steinkast i frå den lokale turistfella. Forskjellen på denne turistfella og turistfella i Istanbul, var at i staden for marknadar og moskear var det strippeklubbar og casino og innkastarane var mykje meir slitsome enn i Grand Bazaar. På ei anna side så fekk eg kloa i den hatten eg har higd etter sidan Praha utan å måtte prute og ølet i Bulgaria var framleis gratis. Kanskje enda litt meir gratis enn i Sofia. Etter litt finrekning på ei av dei dekadente skjenkjestovene fann me ut at ein halvliter kosta i underkant av 9 kr. Det er hårreisande, er det løye me vart drukkne? No skal det vera sagt at eg har sett pubbar med skilt som reklamerer med “Large beer 0,98 lv”, men om det er halvlitrar veit eg ikkje, for orden skuld er 0,98 lv i overkant av 4 kr. I tillegg til ølet og stråhatten fekk me handla litt meir, men det skal me komma attende til om eit par dagar, så de får gle dykk.

Då det vart ein heil del øl utpå kvelden hugsar me ikkje så mykje av kva som skjedde og det me hugsar vil me ikkje fortelje, det og det faktum at alt det ølet gjer skrivinga i dag ekstra tung gjer at denne bloggposten vert litt kortare enn ønskeleg. I morgon kan de forhåpentleg sjå fram til Doktor utan grenser sitt reisebrev. Men no er det på tide å smake litt på det lokale brygget. Me har det fint, send meir pengar.

Vyrdsamt Vidar.

Leave a Reply

Your email address will not be published.