Sodoma akt 2 og Doktorens reisebrev.

Lokal kyrkje? Dei ligg iallfall like tett som bedehusa på Hodnaland. Potensielt kjend.

Lokal kyrkje? Dei ligg iallfall like tett som bedehusa på Hodnaland. Potensielt kjend.

Det er ikkje så mykje å seie om vår andre dag i Bloody Beach. Dei fleste der heime har vell sjølv vore i syden og me er ikkje så ulike dykk som det kanskje av og til framstår her. Då me ikkje interesserer oss for verken strippeklubb eller horehus vart det ein fredeleg, men velfortend kviledag. Me nytta dagen til litt bading, soling og øldrikking.

Me byrja dagen, noko seinare enn vanleg grunna fredagens eskapadar, med frukost på ein resturant borti gata, for frukosten på hotellet var for lengst over. Etter frukosten gjekk me kva til vårt. André fann seg ei solseng ved bassengkanten, Mads tok seg ein spassertur og eg gjekk på lugaren for å kvila frukost. Då me møttes igjen etter nokre timar var formen stigande, men me forbannte oss på å ta det litt meir piano enn dagen før, då me låg an til ein long køyretur til Romania sundag. Det fekk me nokolunde til, men holdt på å bli saboterte av ein pubb som førte 2 for ein og gjorde att me brann inne med 6 gin fizz. Night capen i all inclusive baren like før stengetid var heller ikkje noko sjakktrekk, men me fekk då i det minste smakt på den bulgarske «whikyen». Den var ikkje noko særleg, eit raust melkeglas brun drykk med utprega smak av likør og eggedosis.

Som sagt var det ikkje heilt dei store opplevingane og bloggposten vert litt tynn, men det tenkjer me å gjere opp for ved å publisere Doktor utan grenser sitt seinaste reisebrev. Nyt det.

Vyrdsamt Vidar.

Hallo alle der heima.

Doktoren på ekspedisjon ved eit tidlegare høve.

Doktoren på ekspedisjon ved eit tidlegare høve.

Her har me det bra, i skrivande stund er me på NM i dårlige vegar på den Bulgarske landsbygda, så eg veler å skylda eventuelle skrive feil på det… Me har no vært på tur i litt over ei veke, sett ein gudbråte nye byar, nye land, ete ein heil del fin mat (og noko ikkje fult så fin mat). Me har fått i oss store menger av dei div. lokale øla, unge lovande Kambestad har sett verdsrekord i pruting på den lokale basaren i Istanbul, Vidar også kalla mannen med pannamahatten, då han endelig fekk slått kloa i ein på Sunny Beach, har som kartlesar etter kvart fått rimelig god kontroll på kva som er høgre og venstre (han er oppe i ca 42% rett no). Sjølv fekk eg ikkje til pruting, då dei andre handla satt eg på den lokale kaffen og hadde meg ein finar kopp eller femten med sur tyrkiskkaffi, og noko jævlig dårlig bakklava. Så eg enda opp med å handla absolutt ingenting, men det var jo heilt etter planen då eg ikkje skulle ha noko.

Vidar og André prøver lokal underhaldning.

Vidar og André prøver lokal underhaldning.

Siste plass me vitja var Sunny Beach, dette er jo ein annerkjendt syden stad,med alt ein forventar seg av syden ting, fulle engelskmenn, ikkje fult så fulle engelskmenn som skal lurra deg inn på strippeklubb, ufordragelege Russerar/Tyskerar, grisebillig øl, billig og god mat. Ei regelrett turistfelle med sterke parallar til Sodoma og Gomorra. Men den striggla stranda og dei blinkande neonlysa, står i sterk kontrast til resten av Bulgaria som er eit land me ein fattig befolkning,som brukar hest og kjerre, ein skal ikkje meir enn ein halv time ut i frå Sunny Beach før husa er små falleferdige murhus, med knuste vindu og hull i taket. Og den lokale riksvegen er grusveg…

Me har ikkje hatt nokre støre utfordringar på turen (bank i bordet), så langt har alle grensepasseringane gått fint, kjøring i verdas femt største by var overaskande lett, Kjøring på dei bulgarske grusvegane overaskande vanskelig, men generelt ganske bra. Eit par observasjonar eg har gjort meg på turen:

  • Alle i Istanbul har fez.
  • Bulgaria er fullt av veps.
  • Kaki shorts er eit ærlig antrekk til alle anledningar.
  • Alle kan sjå at me er turistar ( kan ha noko med alle kakishortsane og fezane).
  • Dei kan ikkje laga vin i Tyrkia.
  • Dei kan laga øl i Tyrkia.
  • Tre dagar med den samme t-shorta går overaskande greit.
  • Do besøk i Praha kostar ein cheesburger.

Når ein blir tilbydd narkotika på gata i Praha er dette ein samtale som mest trulig vil utspela seg slik:

Do you want weed? cocaine?

No thank you sir, I am driving.

No problem sir. Have nice day.

You to sir.

Til slutt vil eg seie at å vera på tur i det tildligare Jugoslavia og dei andre ex-kommuniststatane har vært ei fornøying, alt er billig, folk er kjekke, maten god, rett fram eit kjempe turistmål for alle som ikkje er redd for å lesa kyrillisk, bestilla mat ein ikkje veit kva er, og gennerlet nye inntrykk.

No er me på veg til Romania og hovudstaden Bucaresti, som sikkert er ein nett lika fin plass som dei andre me har vitja. Eg gler meg sjølvklart til å kryssa Karpatene og Transsylvania i morgon ein gang, og har full tru på ta me treff den lokale pålestikkaren.

Vyrdsamt.

Doktor utan grenser (genser).

Leave a Reply

Your email address will not be published.