På eselsafari og Slash-konsert

Slash i Arenele romane.

Slash i Arenele Romane.

Då me sat på ei av turistfellene og marinerte oss i Bloody Beach, kom me på den lyse idéen om å gjere noko anna enn å vitja pubb i Bucaresti. Google tilrådde Slash-konsert og me var ikkje vonde å be. Tinga billettar er noko eg har gjort eit par gongar før og det fungerte mykje slik det gjer heime, sett vekk i frå at eg ikkje forstod språket. Eg tok ein råkjangs på at me ville betale middels mykje og fekk billettane utskrivne på hotellet på morgonen, men meir om det litt seinare, først var me på eselsafari.

Då me staka ut kursen om morgonen sundag oppdaga me at GPS-en meinte det var ein times tid lenger å køyre en det Google tidlegare hadde hevda, me tok det ikkje så tungt og tilskreiv det til nokre veiar som sikkert var oppgraderte sidan siste GPS-en fekk ny software. Det var første feil.

Lokal kyrkje. Muligens kjend.

Lokal kyrkje. Muligens kjend.

Ikkje at vegane rundt Nesevis, eller kva den tettstaden heiter, var så voldsomme, men det me fekk servert på den Bulgarske landsbygda tek kaka. Hôl så store som bekkalok og ei halv billengd djupe var meir regelen enn unntaket og somme plassar var det grøfter i liknande dimensjonar tvers over vegen. For å strø salt i såret stod det stadig skilt longs vegen som minna oss på at me hadde betalt motorvegavgift for å ferdast her. Eg vurderte å ringe nummeret på skiltet og anklage dei for svindel, men det kan vere godt å ha ei motorvegavgift i  bakhånd når Interpol står på døra og skal heve avgift for Tyrkia. Det minka styggt på bilane rundt oss og dei vart erstatta med meir og meir trekkdyr. Hest var populært ei stund men var slått i populæritet av esel etter eit stykke. Inne i ein av dei gudsforlatte landsbyane me passerte var det til og med ein kar som hadde valgt å feste kjerra si til ein snøfresar, ein SNØFRESAR, og brukte den som trekkdyr. Akkurat då me ikkje trudde det kunne bli verre gjorde det akkurat det. Den smale hôlete vegen vart erstatta av ein grusveg som fekk fylkjesveg 56 over Huglo til å framstå som den sjære motorvegen. Det å i det heile kalle det ein veg er for raust, skogssti er er eit ord som kunne ha passa, men det var ingen skog, berre solsikker, solsikker så longt auga kunne sjå. Då me såg vegarbeidskilta eit par kilometer inne på krøtterstien, pusta me letta ut, det var ikkje så gale som først anteke. Berre ein veg som var under kraftig opprusting, tenkte me. Feil nummer to. Feil nummer tre var å ikkje ta med seg nyrebelte på europaturné, men kven hadde visst at det var naudsynt. Vegarbeidet dei skraut over var to karar  som gravde grøft longs vegen med kvar si grafse og ei trillebåre i tre seg i mellom. Då me kom oss av grusvegen, gjekk alt andre vegen. Vegen vart bedre og bedre og esela vart erstatta av først hestar og deretter bilar. Framføre oss låg Bucaresti den største byen mellom Berlin og Istanbul. Slash, here we come.

Vel framme på Hotel Pier viste det seg at gratis parkering på hotellet var parkering på fortauet longs hovudgata. Me var ikkje så redde for å bli vekktaua for det var vanskeleg nok å finne ein ledig plass på fortauet, så det såg ut til å vera ein lokal skikk. Hotel Pier var ikkje så røyte som dei påstod i annonsa, men gud veit dei prøvde. Heile forgården full i skulpturar, fontenar og falske brønnar. Resepsjonisten var ganske lik hotellet han óg prøvde litt for hardt, men han var ein triveleg kar så me lot det passere då han meir enn insinuerte at me hadde planar om innbyrdes sodomering. Då me såg rommet kan ein jo forstå den mistanken. Raude skinnstolar, store speglar og sentral europas smalaste dobbeltseng, komplett med dobbeldyne og eit fjell av pynteputer. Me vart ikkje lenge på Hotel Pier, men sette ut for å finne konsertarenaen.

Monument of the heroes for the freedom of the people and the motherland, for socialism». eller det lokale kommunistmonumentet.

Monument of the heroes for the freedom of the people and the motherland, for socialism», eller det lokale kommunistmonumentet.

Konsertarenaen låg inne i ein lokal park berre eit par kvartal med favella i frå Hotel Pier. Då me var noko tidleg ute fekk me tid til å vitje eit monument før konserten byrja. «Monument of the heroes for the freedom of the people and the motherland, for socialism». eller det lokale kommunistmonumentet har visst nok bytta både namn og tyding etter at kommunistane mista makta, men eg hadde lest nok på Wikipedia, så me slo oss til ro med det. Mads fekk posere med kanonene og me fekk leikt litt tursitar før konsertstart. Konserten skulle føregå i Arenele Romane, eller den romerske arena for dei som enda ikkje er heilt stødige i rumensk og der får ein iallfall det ein betalar for. Det såg ut som ei noko mindre utgåve av Circus Maximus og var bortimot like falleferdig, men det var ikkje arkitekturen me var kommen for, Slash stod bak scenen og venta på vår annkomst.

Eller sånn kunne det ha vore. Sanninga er at sjølv om me kasta vekk ein del tid i Parcul Carol, var me allikevell inne ein halvtimestid før konsertstart og konsertstart var sjølvsagt det lokale oppvarmingsbandet som song på eit språk me ikkje forstod. Det var ikkje så voldsomt. Litt bedre var britane i Raven Eye, men då hadde me allreide venta i ein dryg time og me var klare for Slash. To timar etter vår ankomst var det blitt mørkt og sto Slash på scena. Slash leverte varene. Ein lett miks av eigne låtar og perler frå hans glansdagar i Guns´n roses vart servert og då dei avslutta kvelden med Paradise City kunne me ikkje anna enn å nikke med, sjølv om Bucaresti ikkje er den første byen eg tenkjer på når eg høyrer om grønt gras og vakre jenter, men la gå, la Bucaresti vera Paradise City for ein kveld. Med ein 11 timars køyretur føre oss til Budapest måndag var det ikkje berre for Slash det var på tide å runde av, me returnerte til Hotel Pier og la oss.

Når 4 timar frå Bulgaria til Romania tek over 5, så veit ein jo korleis det går med 11 timarsturen til Budapest, men meir om det i morgon.

Vyrdsamt Vidar.

Leave a Reply

Your email address will not be published.