Den longe og farefulle ferda til Budapest

Ei bru. Nesten garantert kjend.

Ei bru. Nesten garantert kjend.

Elleve timar på motorvegen i 150 km/t kan vera ei utfordring både for kropp og sjel, men som Mads sa til mor si «Livsfarlig? nei, då har du ikkje køyrd i Romania» og det var slik dagen starta, i morgonrushet i Bucaresti.

Då me visste det kom til å bli ein long dag starta me etappen tidlegare enn vanleg. Me sette ut frå Hotel Pier, utan frukost, allreide klokka 0800 om morgonen. Fordelen med å køyre i halv ti tida om føremiddagen er at morgonrushet i stor grad er over, det er det ikkje i Bucaresti klokka åtte. Sjølv André som ellers er ein roleg og avbalansert sjåfør vart stressa og mangelen på frukost og ikkje minst kaffi gjorde jo ikkje Mads noko mindre morgongretten i baksetet enn vanleg. Parkeringsskikken som tidlegare er omtala, gjorde at ein trefelts veg brått vart to felt då einkvan hadde valgt å parkere midt i køyrebanen i det høgre feltet. Dette var så vanleg at me fort berre opererte i det midterste feltet. Det bar sjølvsagt på sine eigne farar og problem, som til dømes alle dei som køyrde til høgre og måtte hiva seg inn eit felt då det stod ein bil parkert framføre dei. Avkøyringar eller rundkøyringar var ikkje eksisterande så i kvart kryss stod det bilar som skulle krysse vegen, men som ikkje nådde over før det vart grønt lys hin vegen og som no var sråande mot køyreretningen i eit slags limbo, midt mellom liv og død. Me tok heldigvis ikkje livet av nokon på veg ut av byen, men det var ikkje longt i frå. Då trafikken roa seg litt fekk me brekkt over på ein Mc Donalds som førte både frukost og kaffi og fekk roa Doktoren i baksetet litt før turen bar vidare mot Budapest.

Ein observasjon eg gjorde meg, i dei flyktige augneblikka eg turde å ha augo opne på veg ut av Bucaresti, er at alle køyrer Dacia Logan. Dacia er i følge doktoren det lokale bilmerket og dei er billege, svinbillege. Ryktene vil ha det til at ein kan kjøpe seg ein heilt ny Dacia Logan rett i frå fabrikken for ein neve frimerker og eit velholdt herremagasin. Evt. kan ein sikkert bruke dei lokale trepengane, som forøvrig er laga i plast, noko eg bifell på det grovaste. Då me kom lenger vekk frå hovudstaden minka det på Logans og meir kjende merker vart meir vanleg. Eg trur byfolk i Romania kjøper seg ein Dacia Logan som dei kan smadre i trafikken på veg til jobb kvar morgon og erstattar den med ein ny dagen etter.

Ein Rompetrol-stasjon i Romania.

Ein Rompetrol-stasjon i Romania.

Då me var kommen ut på landevegen såg me oss om etter ein drivstoffentrepenør for å vaske frontruta, fylle tanken og fylle Doktoren med kaffi. Me fann ut av det, men det var ei utfordring for ein del av bensinstasjonane var av kjeda Boromir Oil og eg er ganske sikker på at «One does not simply walk into Boromir Oil».  Ei anna kjede me ungjekk då me ikkje kjende oss sikkre på kva dieseldyr dei ville fylla tanken med var Rompetrol.

GPS-en meinte me skulle bruka drygt 12 timar, men då me stillde klokka attende til norsk sumartid på grensa til Ungarn vann me ei time der, men me vann meir enn det på råkøyring gjennom landsbyane i Romania. Det som var 50 sonar gjennom landsbyane vart brått 70 og 80 sonar, ikkje fordi me er kjeltringar men fordi då me prøvde å vera lovlydige endte det opp med fløyting, kø bak oss og livsfarlege forbikøyringar gjennom kryss og fotgjengarovergongar midt i sentrum. Me konkulderte med det Doktoren berre referer til som «When in Rome», do as the Romans do og haldt samme farten som bilen framføre oss. Det var ikkje berre i tettstadar forbikøyringane var hårreisande. Ein lokal sjåfør utførte nokre horrible forbikøyringar ute på landevegen og. Etter eit forsøk på å smette forbi bussen framføre ho i ein venstresving, trudde me ho tok skrekken då det kom eit vogntog i mot. Ho køyrde iallfall inn og stogga i ei busslomme, men ikkje lenge etterpå var ho hakk i hêl igjen og forbikøyringane var styggare en nokon gong før. Me tok ein kjapp gjennomgang av førstehelpsteorien vår og kryssa fingrane. Me såg ho heldigvis aldri igjen.

Lokal kyrkje. Muligens kjend.

Lokal kyrkje. Muligens kjend.

Då me kom fram til Budapest klokka 1830 lokal tid viste det seg at trafikken iallfall var mange hakk rolegare enn Bucaresti og me fann hotellet utan problem. Me fekk dusja og gjekk ut for å ete som me plar. Middagen vart på ei av dei nærliggjande turistfellene, men maten var god og det var ølet òg. Me dreiv gatelongs ei stund etterpå, stogga på diverse pubbar og leita etter den irske pubben. Då me ikkje fann den tok me residens på kommunistpubben og det er noko eg tilrår på det grøvste. Billeg øl, frihet og brorskap for alle og alt det der. Klientellet såg ut som dårlege kommunistar, men dei lokale ungdommane hadde med seg medbrakt høgtalar og spelde vestleg musikk frå telefonane sine, dansa på borda og oppførte seg mykje som ungdom på fest heime i sosialdemokratiet vårt. Me forlot proletariatet alt for seint på kvelden, fann attende til vårt mykje for røytne hotell og la oss, som gode norske sosialistar.

I skrivande stund har me funne den Irske pubben og kombinerer no lunch med blogging, men meir om det i morgon, det er på tide å smake litt på det lokale ølet.

Vyrdsamt Vidar.

Leave a Reply

Your email address will not be published.