Stormannsgalskap i Budapest

Det me antek er eit kommunistmonument i Budapest. Heilt sikkert kjend.

Det me antek er eit kommunistmonument i Budapest. Heilt sikkert kjend.

Då me hadde vore gode kommunistar på måndag var det på tide å vera litt meir storkarar på tysdag. Hotellet vårt stod jo ikkje i stil med den spartanske kommunistpubben og det gjorde heller ikkje parkeringsplassen til Almeraen, men meir om det litt seinare først, litt ymse.

EIn ting eg gløymte å nevne om Romania er dei noko spesielle vegskilta. Det ser ikkje ut til at det er noko god standard på korleis dei skal utformast, det er meir generelle retningslinjer. Vegarbeidskilta t.d. dei er stundom mann med hatt og andre gongar unisexfigur eller krumbøyd mann med spade. EIn forstår poenget, men det er ikkje så uniformt. Det skiltet me har undra oss mest over er varselskiltet med runding, sjå bilete. Det er eit treknata varselskilt med ein fyllt svart runding på midten. I byrjinga tenkte me kanskje at det var ein variant av ropeteiknskiltet me kjenner heimante, men då me såg at dei førte tilsvarande ropeteiknskilt som oss slo me det litt i frå oss. Det er sjølvsagt mogeleg at dette óg er ein del av det gjennomgåande problemet med ulike skilt og at ropeteikn og runding tyder det samme, men personleg held eg framleis ein knapp på mi eiga forklaring «Fare for singularitetar i vegen».

Fare for singularitet?

Fare for singularitet?

Me nytta kviledagen i Budapest mykje som me har nytta kviledagane andre plassar. Me kikka litt rundt i byen og såg på diverse halvkjende landemerker. I Budapest er meir eller mindre alle bygningane halvkjende landemerker så me auka innsatsen litt. Eit lokalt fort oppe på ein åskam såg ut som ein verdig ekspedisjon. Me fann fort ut at vegen opp var bratte trapper og at det var mykje lenger opp enn først anteke, men me beit det i oss det var jo berre 30 varmegrader og steikjande sol. Kor varmt kunne det bli? Svaret var veldig, men me fekk knippsa eit knippe foto av det som såg ut som eit kommunistmonument på toppen og starta nedstiginga. Då me hadde svetta ut eit heilt sett med klede allreide før lunch var det openbart då me kom ned igjen kva som var neste prosjekt. Me måtte ha nye reine klede. Då me ikkje har kryssa eit heilt kontinent (derom strides de lærde) for å handla klede vart det å finna ein butikk dei har på senteret. Forrige tur var me på shopping på H&M i Nice og Budapest var ikkje noko verre. Den lokale H&M butikken hadde alt me trong av shortsar, sjorter og boxershorts og ikkje lenge etter me gjekk inn var me på veg attende på hotellet for å dusja og bytta til nye klede.

Lokal kyrkje. Muligens kjend.

Lokal kyrkje. Muligens kjend.

Hotellet vårt var av den røytne varianten. Ein veit at ein bur på eit gammalt og erverdig hotell når t-banestoppet er oppkalla etter hotellet. Andre ting å sjå etter er marmoren på bada, for ein har meir en eit og han som opnar døra til deg eller parkerer bilen din. Parkere bilen fekk me til heilt sjølv. Den hadde me parkert i eit parkeringshus av den typen der ein køyrer bilen inn ein port, går utav og så ordnar parkeringshuset resten. Ein heis flyttar bilen din opp eller ned og stablar den inn på ei hylle i lag med eit utal andre bilar. Ein går der i frå og håpar huset tek like godt vare på bilen som dei tyrkiske ungdommane gjorde.

Reine og iført nye klede forlot me hotellet igjen. Om det var kleda eller han som opna døra og sa «See you later, sir» på hotellet veit eg ikkje, men me fekk for oss at me laut ete middag på ein finare resturant. Heldigvis er det eit knippe Michelin resturantar i Budapest og då me ikkje hadde fått vitja nokon gode sjømatresturantar på ferda slo Nobu oss som eit godt val. Ein noko røyten sushiresturant ikkje longt i frå hotellet. Me tinga sjølvsagt den dyraste 7-rettaren dei hadde på menyen utan å sjekke kva det innebar og lot det stå til. Eg skal ikkje bruka mykje tid på å beskrive kor god mat me fekk for det seier seg vell sjølv, men om du er i Budapest ein gong er Nobu eit sikkert kort for knakande god middag. Då me gjekk i frå resturanten fekk doktoren æra av å dra kortet for 100 000 lokale trepengar, han var over middels nøgd med det og eg hadde ikkje hjarte til å fortelje han at det «berre» var i underkant av 3000 norske kroner.

Szimpla Kert. Stole bilete då det var for mørk og alt for mykje folk då me var der.

Szimpla Kert. Stole bilete då det var for mørk og alt for mykje folk då me var der.

Etter middagen gjekk me for å vitja den sagnomsuste ruin pubben «Szimpla Kert». For dei uinnvidde kan eg fortelje at ein ruin pub noko som er vorte populært her nede dei siste ti åra og fungerar etter følgande oppskrift. Ein finn eit fråflyta hus og leiger det. Deretter gjer ein absolutt ingenting med det bortsett i frå å hyre inn nokre lokale taggarar for å pynte litt, set inn eit knippe tilfeldig utvalde møblar og byrjar å servere øl. «Szimpla Kert» var ein av dei første av desse ruin pubbane i Budapest og er framleis ein av dei mest populære. Kåra til den 3 beste baren i verda av Lonely Planet i 2012 fekk det me betalte for. Stinn brakke i eit fråflytta hus over fleire etasjar med stor bakgård og ein bråte med gamle møblar. Sjølve baren var eigentleg mange barar rundt om kring i det store lokalet. Ein ølbar, ein cocktail bar, ein shishabar og ein grill var berre nokre av mange plassar ein kunne få seg noko å ete, drikke eller røykje. Trass i det enorme utvalet av stolar, sofaer, tønner og kassar var det kun ståplassar ledig då me entra lokalet tidleg ein tysdagskveld. Me lente oss på panseret på den gamle Drabanten som stod henslengt i bakgården, kikka på livet og tok oss ei øl, smerteleg klar over at turen til Berlin morgonen etter kom til å bli long.

I skrivande stund er me i gong med den longe turen til Berlin, men alt om det og sikkert mykje meir, kan de lesa om her i morgon.

Vyrdsamt Vidar.

Leave a Reply

Your email address will not be published.