Then we take Berlin

Passeleg svett og klam, men god stemning i bilen etter 8-10 timar i 30 varmegrader.

Passeleg svett og klam, men god stemning i bilen etter 8-10 timar i 30 varmegrader.

Me nærmar oss slutten på turen og då me sette ut i frå Budapest onsdag var det berre eit stopp att før sjarmøretappen, Berlin. Då turen frå Budapest til Berlin var rekna til i overkant av åtte timar, bestemde me oss for å ta to dagar i Berlin, ein får ikkje sett så mykje av byen på eit par timar ein kveld og det kjem denne bloggposten til å bære preg av.

Lokal kyrkje. Muligens kjend.

Lokal kyrkje. Muligens kjend.

Ein ting om Ungarn er den noko strikse tobakkspolitikken. Då eg hadde forlete kartongen med billege bulgarske Rothmans i bilen, som no stod på ei hylle i eit parkeringshus, vart eg på eit tidspunkt nødt til å kjøpe sigarettar i Budapest. Ein skulle tru det var ein enkel sak å slå kloa i. Heime hadde ein kva som helst kiosk, daglegvarehandel eller bensinstasjon gjort nytta, men det er få bensinstasjonar i sentrum så me byrja leite etter ein av dei andre alternativa. Det vart raskt openbart at daglegvarebutikkar ikkje var plassen, dei førte i stor grad kosmetikk og hygieneprodukt, men ikkje tobakk. Sjølv om me var midt i sentrum av byen var det uhyre vanskeleg å finne ein kiosk. Det var ein bråte med nips og suvenirsjapper, men ingen kioskar. Etter å ha trålt byen i ein bedre del av ein halvtime kom me omsider over ein kiosk, men då eg spurde om sigarettar fekk eg berre eit surt grynt og eit «No» attende. Litt forbausa over at den einaste kiosken i mils omkrins ikkje førte sigarettar gjekk me ut att med uforetta sak. Ikkje lenge etter såg me den umsikjennelege logoen til Cohiba på fleire vindauge på ein bygning. Det var ikkje høve til å sjå inn vidauga då logoen dekka heile vindauget, så me freista kikka inn døra og der var det. Hadde me glimta til å funne den lokale tobakksforetningen? Me kunne ikkje tru flaksen vår. Med god grunn, det var ikkje flaks i det heile. Då me sjekka litt opp i det etter handelen, fekk me vete at Ungar for ein del år sidan hadde innført det eldgamle trikset med å berre tillete sal av tobakk på spesielle utsalsstadar. Nokre år seinare forbøy dei bensinstasjonar, kioskar og daglegvarehandlar å ha slike utsalsstadar. Dette førte sjølvsagt til at ein stor del av landets kioskar gjekk konkurs og dei som hadde investert pengar i å byggje utsalsstad på bensinstasjonen sin plutseleg stod tomhendte attende. Dette forklarer jo kvifor det var så få kioskar i hovudstaden. I det heile er det stort sett kioskar som berre forhandlar tobakk som fører produktet no, noko som har ført til at mange småbyar og tettstadar ikkje har ein einaste plass å handle tobakk, og at det er bortimot umogeleg å få tak i når ein ferdast longs motorvegane. Me har teke det til etteretning, men har heldigvis det store lageret med bulgarske sigarettar liggjande i bilen.

Utbrend trailer. Ei av fleire ulukker som hindra oss på vegen.

Utbrend trailer. Ei av fleire ulukker som hindra oss på vegen.

Grunna ulukker og vegarbeid vart turen som skulle være drygt åtte timar bortimot ti. Sjølv om det tidvis er fri fart på den tyske motorvegen er det vanskeleg å tene noko tid mot tida GPS-en oppgir. Dette er eit knippe grunnar til. Ein av dei er dei tidlegare nemde strekka med vegarbeid ein annan er bilen. Då me førte Volvo gjennom Tyskaland for to år sidan fann me ut at smertegrensa til Volvoen var 160 km/t, då byrja det å riste så voldsomt at me ikkje turde å køre fortare. På Almeraen er historia ei anna. Den ristar voldsomt mellom 120 og 130, men så stabiliserer det seg. Det som er utfordringa er at den beint fram ikkje går fortare enn 150 km/t, uansett kor long og bratt nedoverbakke og uansett kor mykje heimlengsel eller oppmutrande ord me kjem me stoggar det rundt 150 km/t. Det at ein kan lytte gjennom tre fjerdedelar av «Division bell» medan den akselerer frå 90 til 130 er heller ikkje hjelpsomt når ein prøver å knappe inn eit par minuttar.

Grand hotel Sheraton Berlin, hadde parkering i kjellaren så når me omsider kom fram var insjekk og parkering ein smal sak. Me var raskt ute og spasserte på Potzdammer platz, der me fann ein hundreølspubb. Med så godt utval smakte me på dei generiske øla dei hadde på tapp og fekk oss litt middag med det samme. Etter maten fann me ein cocktail bar ikkje longt vekke. Då André var litt bitter på at han ikkje hadde fått smakt noko anna enn Berliner pilsener og Kønig pilseneren på hundreølspubben tinga han den «Grüne weissbier» på cocktailbaren. Mads kom over Singapore slings på menyen, den første pubben i Europa som fører denne Tom Waits-favoritten. Doktoren og eg tinga oss kvar vår og då dei vart serverte var det til spottande og hånlege ord frå André om tvilsomme karar og lugubre drinkar. Han skulle fort få angre. Då «Ølet» hans kom nokre minutt seinare viste det seg å være det lokale 50/50 pils og Cremé de menthe-ølet. Sjølvlysande grønt på farge og med smak av bådde hogg og belegg tvingde André den i seg raskt og då kelnaren lurte på om han vill ha meir var svaret eit kontant «NO! It was horrible».

"Ølet" som André har lyst i bann.

“Ølet” som André har lyst i bann.

Sjølv om drinkane våre var gode hadde André bannlyst baren. Me kom til å tenkje på at hotellet kunne skilte med Europas første cocktailbar. Den fyrste av Harry’s New-York bars var riktignok i Paris, men det var den fyrste cocktailbaren i Europa og den franske filialen har æra av å ha oppfunne Bloody Marys. Det var litt seint for Bloody Marys, men me fekk servert ein av tidenes beste Old fashioned og doktoren visste kva det skulle bli til frukost, selleri med noko attåt.

No, dagen derpå har kumpanane mine forlete meg i hotellbaren for å blogge (ikkje at eg klagar på det), medan dei er ute på sightseeing i solsteiken. Meir om det i morgon, no er det på tide å smake litt på det lokale ølet.

Vyrdsamt Vidar.

Leave a Reply

Your email address will not be published.