Berlin there, done that

Brandenburger Tor

Brandenburger Tor

Dag to av Berlin var sett av til å sjå ein del av tinga ein lyt sjå når ein først vitjar hovudstaden i øllandet. Dette og meir fekk me til, men først eit knippe ord om våre evner til å shoppe.

I Berlin gjorde doktoren sitt sjette og sjuande forsøk på å få sigarettar utav ein automat, men óg i Berlin fekk han avslag på handelen. Kvifor dette er veit eg ikkje, men det er godt mogeleg at han berre er udugeleg. Kvifor han er så higen på å handle sigarettar veit eg heller ikkje, men det er kanskje blitt ein slags lek. Han skal greie å lure ein eller anna automat til å servere han sigarettar. Enda ingen suksess, men kanskje han har bedre lukke om me legg ut på tur igjen ein gong seinare. Shopping generelt er vell ikkje vår sterkaste sider, men både André og Doktoren overraska meg då dei fekk frie tøylar midt på dagen i Berlin.

Me starta dagen seint, eller iallfall ikkje så tidleg som me hadde gjort dei føregåande dagane. Då det var eit stykke å gå til Potzdamer Platz freista me stake ut kursen mot ein lærliggjande t-banestasjon eller u-bane som dei lokale kallar det. På vegen stogga me på ein resturant og fekk smakt litt på pølsene og sauerkrauten, samt slått eit par koppar kaffi i doktoren så mykje han vart tilsnakkandes. Me kjøpte oss kvart vårt dagskort på t-banen og sjekka rutene. Det synte seg at t-banen ikkje gjekk i den retningen me hadde tenkt oss, me hadde planar om å vitje det raude rådhus og ta oss ein tur i DDR-muséet. Me droppa planen om t-bane og heiv oss på toget i staden. Då det var noko heitt på toget la me inn ein pitstopp på halvvegen. Me fekk kjølt oss ned med ei pils longs elva og så var det rett på neste tog vidare. Etter 2-3 knallharde minutt i varmen på toget var me framme ved vår planlagde stoppestad. Me fekk knipsa ei håndfull bilete av Berlinerdomen, TV-tårnet og rådhuset, før me styrte inn på DDR-muséet. Trass mange besøkande gjorde air conditionen underverker og det var svalt og fint på DDR-muséet, det er meir enn det ein kan seie om min snartur til hotellet ved lunchtider.

Lokal kyrkje. Muligens kjend.

Lokal kyrkje. Muligens kjend.

Då eg returnerte til hotellet for å skrive blogg etter museumsturen tok eg ei litt anna rute. Me hadde valgt eit hotell som låg så midt i mellom t-banestasjonane at eg laut nytte skyvelære for å finne ut kva som var nærast. Eg kikka over rutene og noterte meg at eg skulle bytte bane etter to stopp. Dette viste seg å vera eit sjakktriks for då eg entra t-banevogna låg det plutseleg ein kar og spelde trompet i øyra på meg, så å høyre kva som var neste stopp var håplaust. Eit anna triks de skal få gratis av det som etterkvart er vorten ein verdsvant og røynd journalist er å aldri gripe etter notisblokka i lomma for å notere når det ligg ein kar og spelar trompet ved sida av deg. Han kjem til å mistenkje deg for å leite etter småpengar og ein får brått ein kopp under nasen. Når ein ser på mannen med koppen står han der med eit forventningsfullt smil som ein ikkje greier å takke nei til og ein vert nødt til å droppe planen om notering og gripe ein neve trepengar i staden.

Medan eg sat på hotellet og blogga var kumpanane mine på frifor i Berlin. Dei hadde planar om å sjå Brandenburger Tor, men då eg fann dei att, etter nok ei strabasiøs ferd i varmen på t-banen, overraska dei stort. Ikkje berre hadde dei fått kloa i ein 3,5 mm jack kabel, men André hadde fått sg nye solbriller og doktoren hadde investert i den lange vinterfrakken. Dei er flinkare enn meg å shoppe, men eg stiller litt spørsmål til timinga. Det var 30 varmegrader ute og den lange vinterfrakken syntes litt unødig, men doktoren hadde overbesvisande argument om pissing på Haukeli midt på natta og eg kjøpte det. Solbrillene og 3,5 mm jack derimot er eg rimeleg sikker på at er ting ein hadde hatt meir glede av å kjøpe før avreise, ikkje like før siste etappen, men kva veit vell eg, eg er ikkje shoppingekspert. Me fekk oss ein sein lunch, trass i at doktoren allreide hadde kjøpt seg muffins for 10 euro og tipsa 100% og fortsette å kikka litt i sentrum. Etter ei stund bestemde me oss for å returnere til hotellet for å lauge oss og få på oss tørre klede.

Doktor utan grenser, eller murar.

Doktor utan grenser sjekker inn.

Eg loste reisefølget gjennom t-banesystemet og me returnerte til hotellbaren enda litt svettare. Då servitøren spurte om det var for tidleg for Old Fashioned var svaret «Absolutely not», Mads fekk prøvd den originale Bloody Maryen og André fekk prøvesmakt det lokale ølet. Etter ein iskald dusj, vendte me tilbake til bykjerna. Me hadde framleis eit punkt som skulle kryssast, både fysisk og av lista. Checkpoint Charlie.

På veg til Checkpoint Charlie fekk me lurt André innom på den bannlyste cocktailbaren, Eleven, de veit, den som serverer Creme de menthe-øl, men denne gongen var det berre såvidt me fekk han med oss ut igjen. Ikkje berre fekk han seg ei flaske Erdinger dunkel, medan doktoren og eg prøvde Singapore Slingsane igjen, men han fekk kloa i wifi passorded óg. Ein ting me har merka i Tyskland er at dei er notorisk dårlege på å ha gratis wifi på hotella. Då me omsider fekk André utav Eleven var det blitt på tide med middag, me svingte raskt innom Checkpoint Charlie og fann ein resturant rett i nærleiken.

Sagnomsuste Singapore slings

Sagnomsuste Singapore slings

Før me runda av kvelden stogga me nok ein gong innom i hotellbaren for å nyte livemusikken og smake litt på Old fashioneden, den var like god som alltid, men eg trur det vert lenge til ein får smake den igjen. No er me i gong med den 20 timar longe turen heim. Forventa annkomst 0530 laurdagsmorgon, men meir om det og oppsummering av turen då. Køyr varsamt.

Vyrdsamt Vidar.

Leave a Reply

Your email address will not be published.