Om

Pressebilete dagen før årets tur.

Pressebilete dagen før årets tur.

I vikingane sine fotspor, på handelsreise til Miklagard.

La meg få introdusere tre gamle menn. André Kambestad, Mads Nielsen og meg sjølv Vidar Haslum. Dette er reisebloggen vår og dette er planen:

Etter ein svært vellukka tur gjennom vesteuropa for eit par år sidan har me bestemd oss for å prøve å gjennta bragden å føre ein gammal Volvo Almera gjennom ukjende farvatn.
Litt om bilen. Volvoen er av typen 940 og er av noko framskriden alder, men framleis yngre en oss som fører den. Som 91-modell fekk aldri Volvoen oppleve det glade 80-tall, men no skal eg ikkje hevde å hugse så mykje av det sjølv heller… Bilen greidde seg upåklageleg på forrige tur, med berre mindre problem, som at den måtte skubbast i gong den siste veka og sånne smådetaljar. Me kjenner oss trygge på at den er i like god stand som sist. Småfeila dei oppdaga på EU-kontrollen var, manglande eksosanlegg, ingen bremser, oppbrukte dekk både sumar og vinterdekk, for den hadde jo to av kvar, og det mest kritiske manglane fløyte. Det med fløyta kom ikkje som noko overrasking, då det var Doktoren som hadde ansvaret for å ordna den før forrige tur. Alt dette har me fått orden på og bilen har time for etterkontroll i morgon 19.06.15 klokka 0800. Me satsar på avreise omlag klokka 0900.

20150619_113147Nuvell, den EU-kontrollen gjekk ikkje så godt som me håpte så Volvoen vart bytta ut med bror min sin Nissan Almera. Den er temmeleg nyaktig 10 år nyare en Volvoen og er utstyrt med luksus som eit muligens tildels fungerande aircondition-anlegg, eg seier muligens fordi det har enda ikkje vore varmt nok ute til å prøve det. Det me veit den har som virkar er vindusheisar, låsbare dører, stereoanlegg, eksosanlegg og ein drivstofføkonomi som ikkje ruinerer simple elektrikarar i løpet av ei helg. Ei stor oppgradering frå Volvoen altså, som ikkje kunne skilte med noko av dette. Det Volvoen derimot vinn på er sete-komfort og plass.

A good traveler has no fixed plans and is not intent on arriving.

-Lao Tzu

Leave a Reply

Your email address will not be published.