Konstantinnissan til Konstantinopel

Istanbul, medan eg framleis hadde helse til å fotografere.

Istanbul, medan eg framleis hadde helse til å fotografere.

Bilen vår stod akkurat der me hadde parkert den då me reiste i frå Sofia, det er meir enn det som kan seiast når me reiser i frå Istanbul, men meir om det seinare. André fekk betalt parkeringa og det siste strekket til destinasjonen var påbegynt.

Første del av turen frå Sofia til Miklagard gjekk ganske greit. Det var ikkje før etter eit par timar me vart vinka av motorvegen av eit knippe lugubre karar i ein Mercedes. Me forventa oss eit ærleg landeveisrøveri, men då me såg at bilen hadde Tyske skilt slo me det i frå oss. Invasjon var jo eit alternativ, men mest sannsyleg var det berre turistar som var havna i uføra. Me svingte over i vegskuldera og gløtta på glaset.

Where is Istanbul? Spurte dei.

Litt ærlegare hotell denne gongen. Trekk for mangel på strippeklubb.

Litt ærlegare hotell denne gongen. Trekk for mangel på strippeklubb.

Me kikka på GPS-en og forklarte at det var beint framover. Etter utveksling av nokre høfflegheitfrasar og litt takking køyrde begge bilane vidare. 50M lenger framme var vegen stengd, men det gjekk ei avkøyring til høgre og ei til venstre. Me tok av mot venstre, medan tyskarane satsa pengane sine på høgre. Etter kun kort tid skjøna me at venstre var eit dårleg val. Det var meir hest og kjerrer på vegen en bilar og den vart stadig smalare, det at det låg kyr strødd på asfalten hjalp oss óg i avgjersla om å snu og prøve høgre i staden. Då me kom attende til krysset var det sjølvsagt merka med Istanbul til høgre. Etter ei lita stund rekalkulerte GPS-en og me pusta letta ut. Vegen GPS-en føreslo var ein krøttersti, men den viste iallfall vegen til Istanbul i staden for å be oss om å snu som den hadde gjort på den forrige grusvegen. Nokre minuttar på krøtterstien var alt som skulle til før me var ute på motorvegen igjen, det som ikkje var fullt så lovande var at me brått stod i det samme krysset som me hadde møtt tyskarane i tidlegare og måtte nok ein gong velga mellom høgre og venstre. Me lurte litt på å stogge i vegskuldera og sjå om tyskarane dukka opp igjen men slo det i frå oss. Me valgte høgre igjen, og la oss i selen for å unngå å køyre i ring. Då det var skilta beint fram til Istanbul trass i at GPS-en meinte me skulle ta av til høgre fulgte me skiltet i staden for GPS-en. Det skulle visa seg å være lurt.

Handlelista vår. Førebels har me ikkje fått tak i noko av det.

Handlelista vår. Førebels har me ikkje fått tak i noko av det.

Då me var 6-7 Km i frå grensa til Tyrkia byrja køen. Trailerkøen heldigvis. Den strakk seg heile vegen til grensekontrollen og somme yrkjessjåførar hadde rigga seg til med både stormkjøken og hjørnesofa midt på vegen. Me fulgte personbilfila og fekk køyre heilt opp til passkontrollen utan ein bil i sikte. På grensa finkjemde dei Mads sin bagasje, eller dvs. dei nappa litt i glidelåsen på bagen og sende oss vidare. Litt kluring med pass, visum og vognkort seinare var me inne i det Ottomanske riket.

I Tyrkia opererer dei med eit autopass liknande system. Det var me sjølvsagt ikkje klare over, førebuingar er jo ein uting, så me vart nødd å pløya gjennom med blinkande raude lys og uling. Me stogga ved noko som såg ut som eit kontor i håp om å få gjere opp for oss. Det var enklare sagt en gjort. Mannen utanføre kontoret brølte noko på eit språk me ikkje forstod peikte ut på motorvegen og meir eller mindre la på sprong vekk i frå bilen vår. Me tolka det som om alt var OK og la ut på siste del av ferda. Då me nerma oss Konstantinopel kom det ein ny bomstasjon, klare over utfordringa svingte me av på eit kontor før passeringa denne gongen og freista betale for oss. Me hadde ikkje lokal valutta, men fekk fiska nokre Euros ut av setene på Almeraen og greidde med eit naudskrik å betale minsteprisen. Me fortsette gjennom bomstasjonen, men óg denne gongen ulte sirenene og dei raude lysa blinka infernalsk. Anten tek det litt tid før slike autopassmerker vert aktiverte eller så har me kjøpt fine klistremerker hjå den lokale svindlaren. Uansett så har me prøvd vårt beste og om Interpol plutseleg dukkar opp for å innkrevje bompengar, så er det på bror min si dør dei dukkar opp uansett. Eg er ikkje bekymra.

Hagia Sophia, ei lokal kyrkje 100 meter i frå hotellet. Muligens kjend.

Hagia Sophia, ei lokal kyrkje 100 meter i frå hotellet. Muligens kjend.

Istanbul dekka no synsfeltet vårt frå horisont til horisont. Dei lokale var noko meir røynde sjåførar enn oss eller berre sprutande galne som eg trur, så me vart jevnleg forbikøyrd på begge sider og gjerne i vegskulre eller akselerasjonsfelt. Etter ein del kaldsvetting, panikk og eit par tre hjarteinfarkt på mi side førte André bilen inn i det generelle området der hotellet vårt skulle være. Parkeringshus er ikkje oppfunne i Istanbul og gateparkerte bilar stod tett som hagl. Me seig oss opp og ned dei smale brosteinsbelagde gatenen akkompangert av fløytande drosjar, trikkar og ein handfull fleire hjarteinfarkt frå meg. Plutseleg såg me noko som såg ut som ein parkeringsplass. Me stogga og spurte ungdommane der om me kunne stå der eit par dagar. Det var heilt i orden for dei, men det kom til å kosta oss 60 lokale trepengar. Eg syns dette høyrtes ut som eit kupp, for sist eg var i Tyrkia betalte me rett i underkant av ein million for ei pils. Det viser seg no at dei har stroke seks nullar på valuttaen sidan sist eg var her, men 200 kr for to dagar parkeing er jo ikkje direkte knallhardt for røytne norske elektrikarar. Parkeringsplassen var noko tettpakka så me gav i frå oss nøkklane så dei kunne stable inn bilen der det passa dei. Då me byrja å slepe baggar og kufartar utav bagasjerommet spurde parkeringsgutane kva hotell me skulle til. Me sa at me leita etter Alzer hotell og dei peika på nabobygget. Me kunne ikkje ha parkert nærare utan å parkert inne i lobbyen. «Dette fekk me til». Då Mads tok av seg solbrillene på hotellet oppdaga han at han at han hadde gløymt brillene i bilen og gjekk for å henta dei. Etter det eg oppfatta som litt for lang tid kom han attende. Då han hadde kommt parkeringa viste det seg at dei var ute og køyrde litt. Dei tok eit par telefonar, medan Mads hjalp dei med å skubba i gong ein bil. Like etter kom Almeraen attende. Mads fekk brillene sine og dei køyrde avgårde igjen. Då me gjekk forbi parkeringsplassen seinare på kvelden var det ingen spor av Almeraen, så det vert jo spanandes å sjå om me får den att når me skal herifrå om nokre dagar.

Etter at bloggen var oppdatert brukte me kvelden på å tussla rund og sjå oss om i Istanbul, men meir om vår sysslar i verdas femte største by i morgon. No skal me nett smake litt på det lokale ølet. Igjen.

Vyrdsamt Vidar

Me får bruk for det intergalaktiske forsikringsprovet

Her talar vell bilete for seg sjølv.

Her talar vell bilete for seg sjølv.

Før me reiste, dvs. på veg ut av Noreg, stogga me innom hjå Gjensidige i Haugesund for å få oss eit såkalla «Grønt kort», eit forsikringsbevis som skal funka i dei fleste land me likar å samalikna oss med. Det skulle visa seg å vera eit godt trekk frå vår side.

Då me sette ut frå Hotel Mystiqe nær Beograd i morgontimane tysdag var planen klar. Me skulle kryssa grensa til Bulgaria og ta inn på eit hotell i Sofia. Denne gongen lova André dyrt og hellig at Gloria Palace var mykje meir sentrumsnært enn det forrige hotellet. Eg vart umiddelbart skeptisk til navnet og lurte på om han nok ein gong hadde booka oss inn på det lokale bordellet. Det skulle seinare visa seg at eg tok feil, men var nok ein gong uhyre nære.

Lokal kyrkje, potensielt kjend.

Lokal kyrkje, potensielt kjend.

Passkontrollen inn igjen i EU gjekk smertefritt, men me vart nødt å visa både pass, vognkort og «grønt kortet». Dette er noko som gjer oss litt sveitte i panna då ingen av oss eig verken bilen eller forsikringa, men det gjekk fint. Like over grensa stogga me for å ta ut litt lokal valutta. Ei krone var verd omlag ein fjerdedel, så for berre 10 av dei lokale kronene, fekk me sikra oss ein halvliter med importvatn i frå Ulvik. Dette kom som ei gudegåve på André som heile morgonen hadde hevda at Mads og eg drakk så mykje om kveldane at han fekk vondt i hovudet.

I Sofia fann me ein parkeringsplass like på andre sida av gata frå hotellet og parkerte der. Mads og André delte nokre ord med parkeringsvakta, nikka litt annerkjennande og fekk lov å stå der over natta. Gloria Palace var ikkje ei skjøkjestove, men frukostresturanten dobbla som strippeklubb om natta. Sett vekk i frå at sengene mangla eit par plank var hotellet greit nok. Det var plassert som André lova midt i sentrum vegg i vegg med handelsdepartementet. Me dusja etter tur, oppdaterte bloggen og tussla ut for å finne noko å ete.

Handelsdepartementet eller noko.

Handelsdepartementet eller noko.

Det faktum at André hadde plassert oss midt i byen betydde ikkje at det var ein enkel sak å finne gågata. Den var 350m beint fram ut i frå hotellet, men me valgte jo ikkje å gå beint fram. Etter bortimot ein time med tussling utan å ha sett noko anna enn departementsbygningar, byrja me å lure. Me fant fram Google Maps og bad den om å visa oss vegen til den Irske pubben, den lyt jo vere nær pubb og matområdet. Det var den ikkje. Ikkje var den open heller. «Have a nice summer, welcome back in September» stod det på døra der. Kroppen hylte etter næring og i eit desperat forsøk på å finne sivilisasjon valgte me å følge etter ei folkemengd på veg over eit gongfelt. Dei leda oss rakt inn i ein t-banestasjon eit stykke lenger ned i gata. Det var ikkje det me var på jakt etter. Me kryssa sløkøyra hjørna på ein bygning og der rett framføre oss låg det ein amerikanskinspirert bar, grill og sushi resturant. Me fekk døyva svolten med nokre fahitas og eit knippe av dei lokale bjørnungane før me lånte WiFIen til å tinga hotell og finkjemme Google Maps etter gågata. Det synte seg at me var omlag 100 meter i frå gågata og 200 meter i frå hotellet. «Dette fekk me til, igjen».

Bilete frå røykjekafèen. Mads har investert i dei gulltrekkte russiske sigarettane,

Bilete frå røykjekafèen. Mads har investert i dei gulltrekkte russiske sigarettane,

På røykjekafèen i gågata vart me sitjande å diskutere «Zabriske point» ei stund, eller iallfall filmmusikken, før me kom på at me burde ha ringt bror min. Ikkje han som eig bilen, men han siste som er att heime og som hadde ansvaret for å levere Volvoen på verkstad. Han kunne fortelje at han var på saka, men hadde litt problem med døra. Den ville ikkje halde seg igjen. Både André og eg prøvde å forklare triksa som må til for å få lukke førardøra, men etter eit kvarter 20 minutt med kluring gav han opp og stroppa den igjen i staden. Då han ringte oppatt nokre minuttar seinare var bilen levert, stroppa fjerna og døra stod «Sånn halvegs innåt». «Dette fekk han til».

Tilbake på hotellet noko seinare på kvelden hadde me ein kort samtale med respsjonisten, den gjekk slik:

-Looking for bar?

-No, looking for room.

-Ok, better for me.

Dette er ikkje nok plank i ei seng.

Dette er ikkje nok plank i ei seng.

Eg er litt usikker på korleis det er bedre for han og kva han eigentleg prøvde å seie, men me heiv oss inn i den noko skranglete heisen utan fleire yttringar. På rommet oppdaga André og eg at me var vorte solbrende på kvar vår arm, men det er vell sånn ein må forvente på motorvegen i Bulgaria med ein arm ut glaset heile dagen, me tenkte ikkje så mykje meir på det og sovna raskt.

Neste oppdatering skal me etter planen vera framme i Istanbul, Bysants, Konstantinopel eller Miklagard, men me er ikkje framme i skrivande tidspunkt, så kva som skjer får de høyre meir om i morgon.

Oppdatering: Me er framme i Istanbul, men opplastingsfarten på internett her er såpassa at me har brukt tre kvarter på å laste opp eit bilete. Me publiserer no og legg til fleire bilete i morgon når det har fått stått og lasta opp over natta.

Vyrdsamt V.

På homecoming-fest i Beograd

Eit knippe karar på rådhusplassen. Bilete er lånt hjå 101greatgoals.com som tydelegvis hadde eit litt bedre utsiktspunkt en oss.

Eit knippe karar på rådhusplassen. Bilete er lånt hjå 101greatgoals.com som tydelegvis hadde eit litt bedre utsiktspunkt enn oss.

IMG_20150622_235337

Lokal verdilaus valutta

På våre eventyr gjennom Europa glimtar me stundom til og havnar på plassar der det faktisk skjer noko. Som dei aller fleste sikkert veit slo det Serbiske U20 landslaget Brasil i VM-finalen på laurdag. Som store tilhengjarar av sportsball var jo dette eit unikt høve til å gjere ære på spelarane. Me tima vår ankomst til Beograd slik at me fekk med oss feiringa på torget. Men først litt om den lokale valuttaen.

Det første ein lyt vera klar over om den serbiske valuttaen er at den er verdilaus. Ikkje fordi det er så mange nullar, men fordi dingetning kostar pengar i Serbia. Ein pakke med dei finaste amerikanske sigarettar set deg tilbake 14 kr og ein halvliter på uteserveringa til det fasjonable Hotel Moskva kostar omlag det samme. Ein Tesla, den lokale 100-lappen er verdt i underkant av 7,50 kr. Det er forsåvidt greit me hadde jo tiar-lappar i Noreg i gamle dagar og dei har jo bilete av Tesla på den. Seddelen som bokstavelegtalt ikkje er verd papiret den er printa på er den myteomspunne 10 dinaren. Ein seddel med verdi like over 74 øre burde ha vore forbudt, men André har funne eit bruksområde for den. Som røyten norsk turist har han funne ut at 10 lokale trepengar er akkurat passeleg med tips til dei som fyller bensin og vaskar frontruta på bensinstasjonane.

André hadde tinga rom til oss på Villa Mystique i Beograd, eg ytra mine tvil om at det var eit hotell og mumla nokre setningar om det lokale horehuset, men vart som vanleg nedstemt. Me sette kursen tileg som vanleg og tok fatt på 6 timars køyreturen med friskt mot. Temperaturen i Ungarn og Serbia var godt over det ein kan forventa av ein norsk sumar og myta om eit semifungerande air condition anlegg vart brått knust, men varm luft i røyrsle er vell noko. Svette og fine nådde me grensa til Serbia, den første faktiske grensa me har passert. Her var det passkontroll og gummihanske-stemning. Det var ikkje så mykje av det som vart sagt me forstod, men eit skilt kunne opplyse om at det var maksimalt lov å føre 40 sigarettar over grensa. Dette fell jo på si eiga urimeligheit då sigarettar jo er meir eller mindre gratis i Serbia. Heldigvis hadde me ikkje så mykje sigarettar med oss og det stod ingenting om snus, som doktoren har 10-15 boksar liggjande av i ein pose frå Svinesund. Antageleg lyste det ærlege karar av oss for me vart vinka raskt forbi grensa etter eit kjapt blikk på passa våre. Villa Mystique, here we come.

Ei lokal kyrkje, muligens kjend.

Ei kyrkje, muligens kjend.

Det viste seg at eg hadde teke feil av Villa Mystique, det var ikke eit horehus, men at det var den lokale swingersklubben herskar det ingen tvil om. Med mørke gongar og velplasserte skyvedører mellom romma og i korridorane var mistanke bekrefta. Då me fekk kjeft av personale for å prøve å låse ei dør inn på rommet, vart reisekumpanane min óg overbevist. Swingers-hotell eller ikkje det største problemet med Villa Mystiqe var plasseringar, ei halv mil i frå sentrum, vegg i vegg med den malaysiske ambasaden og utan verken buss eller togforbindelse. Me tok på oss dei beste spasser-sandalane våre og byrja å gå.

Ungdommen, verdsmeistrane.

Ungdommen, verdsmeistrane.

Den farefulle ferden til sentrum involverte kryssing av togspor, lukka auga og håpe på det beste då me gjekk over ein fotgjengarovergong på motorvegen! og prøve å sjå fattig ut då me tussla gjennom favelaen. Akkurat det siste var ganske enkelt, då me ikkje hadde funne ein einaste minibank på turen og faktisk ikkje eigde så mykje som ein Tesla. Etter eit par timar gange, for me gjekk jo ikkje den raskaste vegen, ankom me Hotel Moskva, i hjarta av Beograd. Det var openbart at eitkvart var på gong det store politioppbudet, folkemengdene, syngingar og flaggviftinga var tegn som ikkje ein gong enkle skjeler frå Sagvågen kunne oversjå. For å gjere det interessant tippa me litt oss i mellom på kva som føregjekk før me spurte kelnaren. Mads hadde pengane sine på val eller fotballkamp, André satsa på nasjonaldag eller midtsumarfeiring og eg hevda at det anten var ein støttemarsj for det serbinske nazipartiet eller at dei berre var sånn her nede. Som tidlegare avslørt var Mads nærast. Kelneren kunne avsløre at det var heimkomstfest for det Serbiske fotballlandslaget som nyleg hadde vunne U20 VM. Etter middag, medan me naut oss eit kakestykke kom kortesjen forbi. Komplett med politieskorte, open buss, bengalske lys, flagg og synging, sikkert mykje det samme som då det norske ungdomslandslaget kom heim? Me takka for oss på Hotel Moskva, gav kelneren ein hårreisande lav sum og sette ut for å finne ut kva som eigentleg skulle føregå.

Baileys-pannekaker på Hotel Moskva

Baileys-pannekaker på Hotel Moskva

På rådhusplassen stod det som såg ut for enkle nordbuarar som minst ein million spinnville serbarar. Me leste seinare i lokalavisa at det berre var drygt 50 000, men det var meir en nok for oss. Ikkje forstod me språket dei holdt talar på heller og ikkje var det høve til å bli kvitt nokre av dei lokale trepangane. Ein pubb var tingen me trong. Like nede i gågata hadde dei uteservering og 5 Tesla skaffa oss 3 halvlitrar med den finaste tjekkiske pils. Det var roleg og fredeleg, men det skulle ikkje vare lenge. På fjernsynet såg me at feiringa gjekk mot slutten og då tv-sendinga vart avslutta velta det store mengder folk i sigersrus nedover gågata. Eg prøvde å halde i gong den gode samtalen, men André og Mads var mest opptekne av å betrakte den lokale faunaen. Den gode samtalen hadde nok drukna i sigersbrøl uansett så eg lente meg attende og naut pilsen min i varmen i staden.

Serbarar i kø for å sjå heltane sine.

Serbarar i kø for å sjå heltane sine.

Neste stopp på turen vert Sofia, ein by som er kjend for å vera billegare enn Beograd og er rekna som den 3 billegaste storbyen i Europa, men det fordrar at me kjem oss usodomerte over grensa til Bulgaria. Meir om det i morgon.

Vyrdsamt Vidar

Øl og Mozart-kuler i Wien

Lunchblogging på "Engelsk cafe" i Wien

Lunchblogging på “Engelsk cafe” i Wien

Etter 12 timar på puta i Praha gjorde me oss klare for ein kort biltur til Wien. Me fann att bilen der me parkerte den, ikkje stolen, ikkje avskilta ikkje vekketaua og ikkje knust. Ein bra start på dagen. Sjølve køyreturen gjekk og veldig bra, me fann eit parkeringshus i høveleg avstand til hotellet, på veg der til oppdaga me at det var minst 3 parkeringshus som var nærare ikkje minst det i kjellaren på Marcus Aurelius hotell, men litt spassering er jo sunt så me tok det ikkje så tungt. Då køyreturen hadde vore så kort, ikkje anna enn omlag 4 timar, hadde me ikkje ete på vegen så me satsa på lunch og blogging på den engelske bok-kaféen like ved hotellet. Me sat ute og åt så eg var ikkje innom der sjølv men i fylgje André var det ikkje ein bok-kafè i det heile men meir eller mindre opiumsbule der alle låg strødd i kjellaren, røkte og såg på video. Det kan eg ikkje bekrefte, men om André seier det så er det sikkert rett, maten var iallfall god og eg fekk publisert bloggen utan å sitje å svette på eit hotellrom.

Lime-lettøl og frukost til Doktoren.

Lime-lettøl og frukost til Doktoren.

På veg til ein lokal pubb med solvegg stoppa me innom og fekk kjøpt oss ein sekk med Mozart-kuler. Desse tenkte me å belønna kvarandre med ved eksepsjonell opførsel. Dei var oppetne før me var ute av butikken, men eg velger å tru at det berre er fordi oppførselen vår var så eksepsjonell. På solveggspubben tok André ansvaret for å tinga pils. Språklege barrierer gjorde at me brant inne med kvar vår lettøl med lime smak, servert i dei noko tvilsome 0,2 glasa. Ølet var ikkje så hakkande det, men me tek med oss kunskapen om at limetten radler ikkje nødvendigvis er det ein skal ha. Mads styrte elegant frå lettølen og gjekk for ein sein frukost i staden, sjå bilete.

Då sola forsvann bak keisermausoleet og det trakk litt ute på solveggspubben, gjekk me vidare til det som er min personlege favorittpubb i Wien. Det var den pubben der det berre sat ein gudbråte med gamle damer og røkte. Bartendrøsa var ikkje noko unntak som førte høglytte diskusjonar tidvis med to sigarettar i kjeften samtidig. Eg treng vell ikkje fortelje at me kjende oss heime der og vart sitjande heilt til det var på tide med mat igjen.

Nesten garantert ei kjend kyrkja.

Nesten garantert ei kjend kyrkja.

Google skraut voldsomt over eit lokalt biffhus. Og når eg seier skraut voldsomt var det mange som hadde klaga på at dei førte røykjing i hovudetasjen så røyken seiv opp på den røkfrie hemsen, eit optimalt etablisement for oss. Då me kom fram viste det seg at me var vorten lurt. Dei hadde avvikla røkerommet heilt, men voltne som me var beit me i oss skuffinga og tinga oss eit par biffar. Dei vart serverte med poteter, saus og bønner, men meir om akkurat dei bønnene i morgon.

I jakta på ein ærleg pubb der det potensielt ikkje berre var gamle damer, men utan noko hardt krav om det, havna me plutseleg innom på den Australske pubben. Australsk ikkje Austeriksk, de veit den pubben med alle digeridooane og boomerangane på veggen. Me tinga oss det me trudde var ei pils, men stod over dei friterte grashoppane. Det synte seg fort at lokalt merke på den Australske pubben er Fosters og å kalle det pils er eit hån mot ærlege bryggjeri vera over. Me drakk hurtig opp og gav opp heile down under. Neste stopp skulle me ha skikkeleg øl.

Som synt her vart kvelden litt tåkete etterkvart.

Som synt her vart kvelden litt tåkete etterkvart.

Det var byrja å bli seint, så me tok ut retning mot hotellet og tenkte å stoppa innom på ein pubb for ei siste øl før me returnerte. Det angra me ikkje på. Ei gate frå hotellet fann me ein craft beers pubb, i den kjende industrielle stilen med nakne lyspærer og ubehandla trevirke overalt. Der traff me på Duncan, ein ire som hadde budd for lenge i utlendighet til å høyrast irsk ut, men var framleis alkoholikar. Han var ulukkeleg forelska i bartendrøsa, men i fylgje ho hadde han forspilt sine kjangsar då han ein gong hadde nedlagd tvillingsøstera hennar. Ingenting er som eit godt Irsk-Austerisk trekantdrama. Sett vekk i frå han seksuelle eskapadar var Duncan ein triveleg kar og «The charm of the Irish drunk» fekk oss kanskje til å nyte for mykje frå den velutstyrte ølmenyen og før me visste ordet av det var pubben stengd for ein

Kanskje ei eller to for mange?

Kanskje ei eller to for mange?

halvtime sidan. Duncan som hadde kontaktar i Serbia, ja eg innser kor lugubert det høyres ut, men han var jo i dørvaktbransjen, gav oss nummeret sitt i tilfelle me trong hjelp med å bestikke grensevakter eller kom i klammeri med mafiaen. Me takka for laget og forlot Don Juan med sin utkårede i baren. Eg velger å tru at denne historia enda med “og så levde dei lukkeleg alle sine dagar”, men det finn me berre ut om me havnar i uføra og må sette vår lit til ein alkoholisert, ire i Wien, la oss håpe me aldri finn ut korleis det enda.

Denne historia er iallfall over for i dag og den endte med 3 svette karar i ein bil med kurs for Beograd, men meir om det i morgon.

Vyrdsamt Vidar.

På shopping i Praha

Turistbefengte gater. Eg trur dei tek bilete av kyrkja øverst til høgre.

Turistbefengte gater. Eg trur dei tek bilete av kyrkja øverst til høgre.

Me ankom Praha som planlagd rundt klokka 14. Då me var så tidleg framme unna me oss ein halvtime til banning, kranging og nesten-kollisjonar under vår ville jakt på parkeringshus gjennom Prahas gater. Me fann til slutt eit parkeringshus i akseptabel avstadnd i frå hotellet. Å finne hotellet gjekk heilt smertefritt. Det var plassert like ved eit bru som vistnok er kjend, så det var berre til å følge straumen av turistar.

Inne på hotellrommet oppdaga me at dette hadde André fått til. Rommet var utstyrt med to bad, air condition, wifi og soverom i andre høgda. Badet i hovudetasjen var utstyrt med marmorgolv, dusj og bidèt, medan badet oppe hadde badekar og ellers dei samme fasilitetane som det nede. Me oppdaterte bloggen, tok oss ein ankerdram og sette ut på jakt etter noko å leska strupen på.

Hotellrommet, med ekstra bad og soverom oppe.

Hotellrommet, med ekstra bad og soverom oppe.

Véret var godt, men det var ikkje for varmt. Eg som førde bukse koste meg på uteresturanten, men Mads som av prinsipp ikkje tok med seg bukse på turen, kom litt til kort, men han klagde ikkje. André derimot, som faktisk hadde bukse uttrykkte sin misnøye om temperaturen så ofte at Mads vart nødd å be om eit pledd til han. Utakksam som han er nekta han sjølvsagt å nytta det, men eg trur han holdt varmen med å fortsetja å klage. Etter eit par pils og litt lett lunch sette me kursen for å få kloa i pantelonere til Doktoren og ei røkejakke til André.

Det vart brått openbart at denne byen overhode ikkje er laga for shopping. Me vart gåande meir eller mindre i tog rundt i Praha. Byen er infisert av turistar. Kva alle skal der anar eg ikkje, men eg mistenkjer at dei jobba med å få fotografert den lokale kyrkja eller eit liknande landemerke. Etter å ha vandra gatelongs på jakt etter herre-ekvipasjen i lengre tid utan å finne anna enn juggel-forhandlarar, resturantar og gamle bygningar gav me opp shopping. Me endra planen til å finne ein pubb. André som er lommekjend i Praha etter å ha sett byen på eit kart ein gong påtok seg ansvaret for å leda oss til det han hevda var den røytnaste pubben i heile Praha. Som de sikkert har forstått så var det absolutt ikkje den røynaste pubben i Praha, det var eit turistbefeng hôl i bakken, men dei hadde øl, så me var nøgde.

Jensen Pirken-pennen som doktoren nekta meg å kjøpe.

Jensen Pirken-pennen som doktoren nekta meg å kjøpe.

På veg til denne perla av ein pubb, vart onkel reisende Mads eller Doktor utan grenser, som han ynskjer å bli kalla, trengd. Som gamle lesarar sikkert forstår så var det ikkje noko enkel sak for oss å finne pubben så etter ei stund var han så trengd at han kjøpte seg ein burger på Burger King for å låne toalettet, det hjalp han ytterst lite då ein laut putte eit knippe av dei lokale trepengane på døra for å få nytte høvet der. Det er valutta me sjølvsagt ikkje fører, så han vart nødt til å tigga til seg pengar av to karar på gata utanføre. Som dreven tiggar fekk han det godt til og fekk utført operasjonen.

400 kr med penn og notisblokk.

400 kr med penn og notisblokk.

Kvelden fortsette med eit knippe pils og kaffi med brennevin på ein noko ærlegare pubb. Brått var klokka sju og me var godt påsegla. Me visste at me ikkje kom til å greie å hugse alt me gjorde så me bestemde oss for å investere i ei notisblokk og ein penn. Skrivesaker selde dei på nabobutikken. Som synt på bilete fekk me tak i både penn og papir, men doktoren nekta meg å betale 300 kr for Jensen Pirken-pennen, så han brann inne med å betale 400 kr for det på biletet i staden.

Då me hadde fått i oss litt middag gjekk klokka mot ni, så me gav resten av dei nyvunne trepengane våre til ein kar med hund på ryggjen og sette kursen mot hotellet for å få oss ei god natt søvn, den første på fleire dagar for min del.

Vyrdsamt Vidar.

Fyrste transportetappe er over

Fyrste transport-etappe er over, me er vél framme i Praha.

Som lova skal eg nytta dei første par avsnitta her på å klage på kor lite og dårleg eg har sove, men me tek det i frå toppen.

Vidar som observert i Seljord.

Vidar som observert i Seljord.

Då André tilbaud seg å køyre fyrste halvdel av Le Praha 24 timarsløpet konkluderte eg med at det ikkje var noko hensikt i å sove natt til første reisedag. Eg hadde jo trass alt nattskiftet og hadde ambisjonar om å sove i bilen gjennom heile Noreg og Sverige. Det fekk eg som de sikkert allreide har forstått, ikkje til. All honør til Øystein som lånte vekk bilen sin, men den er overhode ikkje laga for verken longturar eller soving. Eg endte opp med ein halvtime rundt Seljord og ein halvtime like før Gøteborg, ellers var det relativt skralt med søvn

Sett vekk i frå den manglande søvnen var turen ned mykje godt hendingslaus, men eg kan jo fortelje litt om den alternative motorvogna/sovekupéen. Den er temmeleg nyaktig 10 år nyare en Volvoen og er utstyrt med luksus som eit muligens tildels fungerande aircondition-anlegg, eg seier muligens fordi det har enda ikkje vore varmt nok ute til å prøve det. Det me veit den har som virkar er vindusheisar, låsbare dører, stereoanlegg, eksosanlegg og ein drivstofføkonomi som ikkje ruinerer simple elektrikarar i løpet av ei helg. Ei stor oppgradering frå Volvoen altså, som ikkje kunne skilte med noko av dette. Det Volvoen derimot vinn på er sete-komfort og plass.

Været me reiste i frå i Noreg.

Været me reiste i frå i Noreg.

No skal det berre dusjast og bloggast her, så er me klare for å gjere Praha utrygg, iallfall fram til klokka 17, for då trur eg me alle er så trøytte at det vert leggjetid på oss heile gjengen. Som besto pleier å seie: Det tre sletne karar frå Storen ikkje greier å utrette på eit par timar i Praha, er ikkje verdt å gjere, men mykje meir om dette på bloggen i morgon.

Då dagen ikkje gitt så mykje mat til bloggen, saksar eg inn doktorens reisekotyme frå forrige gong, til glede for nye lesarar. 

Vyrdsamt Vidar.

Doktor Nielsens reisekotyme.
For reiser i Europa og andre plassar du kunne tenke deg å reise.

Innleiing.
Eg har påtatt meg det ærefulle ansvaret å føra ned eit par erfaringar og åpenbaringar,
samt ta livet av eit par stygge myter om reiselivet i Volvo i Søreuropa.

IMG_20130706_170211Kleskode.
Shorts skal førast på eit kvart tidspunkt når ein kjem utforbi Noreg.
Untak: Middag på ambasader og slott, men kun viss ambasadør eller kongelig er til stede.
Shorte er og føretrekt på alle tidspungt, T-shorte kan førest kunn til og frå strand og ved utøving av fysisk aktivitet (Sykkling, jogging,dromedarløp og lignande).
Genser er ikkje tilatt under nokon omstendigheter, røkejakke kan førest viss det er kaldt eller situasjonen tilseier at det er sømelig.
Hodeplagg: Alpelue, tropehjelm, panamahatt og liknande er tillat.
Caps er strengt forbode. Unntak: viss du må bli med i ein eller annan for for gjeng, for å ungå sodomering.
Skal ein på ekskursjon er det kaki-uniformen som gjeld (sjå bilete).
Klede handlig skal unngås. Vilkår viss du gjekk tom for boksershorts ein gang i forige veke.

Fottøy:*
Sandalar skal førast heiletida, det er ikkje på vilkår tillatt med sokker i sandalene.
Barbeint er også tillat viss ein føretrekk det.
Unntak: Sjå forannemt forklaring om ambasader og slott.

Språk:
Dei lokale skal tiltalast på sitt eige språk så langt som muligt, ellers lyt ein bruke Norsk.

Mat og drikke :
Ein skal altid strebe etter å innta mest mulig forskjellig lokal mat og drikke.
Er det mat på menyen du ikkje veit kva er, gå for dette.
Døme: I Danmark er det raudepølser og bayer som gjeld,
Frankrike, Raudvin og baguet.
Spania, Cava og paela.
Tyskland: Kun pils og sauerkraut.
Nederland: Hasjbrownis og LSD.
Belgia: Trappist og Sjokolade.
Sveits: Nøytral og direkte demokrati mat…
Italia: Espresso og Permasan.

Øl, vin og Ankerdram.
Ein skal alltid drikke det lokale brygget, eller det som er på tapp.
På Restaurant der ein nyt raudvin er det lokale merker som er tingen, eller den dyraste.
Ankerdram skal altid inntas rett etter bilen er parkert, kva type anker dram er opp til den enkelte, med
visse villkår: Tequila er aldri tillatt, Cognac er anbefalt og han må alltid halda over 40%
Viss ein bedriver nyting av tobak, skal ein røke det dei lokale røker…
Er det Irskpub på plasen skla denne vitjast (uansett kor luguber).
Hard Rock Café er ikkje tillatt, då dette er bare ei tossen turistfelle.
Ha alltid med deg riklige mengder med lighterbensin.
Ein skal ALDRI gå på nattklubb.

Underhaldning:
Det er kun tilatt å høyra lokalradio.
Alle formar for TV skal unngås, då dette er jævelens verk.
Internett skal kun brukast i samband med blogging, sosialemedia frarådest.
Nyheter kan lesast i avis** som dei selg på dei fleste lokale kioskane.The International Herold Tribune er anbefalt.
Spelar det eit lokalt band på plassen er, lyt ein høyra dei.

Openbaringar:
Alle Franskmenn har stripeteskjorte, raudttørkle, alpelue og løk rundt halsen.
Det er ikkje pubar i Tyskland.
Det er masse pubar i Belgia.
Frankrike er ikkje så dumt som me skal ha det til.
Raudepølser er godt.

Ting ein ikkje bør snakke om i utlandet, då dei lokale vert noke kvasse vis ein nemnar.
Tyskland: Hitler, Der Kaiser, egenlig krigen generelt (Don´t mention the war!).
Spania: Fransisco Franco, Fransk vin og cognac.
Frankrike:At det kan nå ikkje vera nødvendig med opptøyer og brenning av bilar i gatene anna kvar helg.
Italia: Musolini, fotball og det faktum at relgion er noko drit (dei vert skikelig forbanna vis du insinuerer at paven er meir enn gjenomsnitlig opptatt av altergutter).

*Dette har vert eit oppheta tema i var lille gruppe, då André meiner det er heilt legetimt med sokker i sandalene. Hans meiningar er notert og oversett akkurat på dette pungtet.

**Til dei av våre yngre lesarar som ikkje er kjende med aviser som ein kan kjøpe i kiosk, så er denne forma av avis (i motsetning til nettavis som dei meir informerte av dykk kanskje kjenner til) trykkt på papir!?

Europatur 2: Miklagard Boogaloo, er i gong!

Med berre små endringar i siste minutt er me i gong!

Eit mindre hinder på vegen...

Eit mindre hinder på vegen…

Volvoen vart ikkje EU-godkjend i dag, men me er i gong med årets europatur. Dette er mykje takka være min bror Øystein som var gild nok til å låna oss Almeraen sin. Berre ein time etter skjema la me ut på årets europaturne, første stopp vert Haugesund for å henta nytt intergalaktisk forsikringsprov.

Alternativ motorvon.

Alternativ motorvogn.

Som kjend er det aust-europa som gjeld i år. Me har ambisonar om å gjere oss ferdig med Europa ved å køyre heilt til Asia. Det betyr at målet for turen vert Konstantinopel eller Istanbul, som dei aller mest progressive kallar hovudstaden i det bysantiske riket. Då me ikkje nådde heilt til Roma forrige gong, heilgarderer me denne gongen og vitjar det meste som kan kallast hovudstadar i Romerriket, både det Tyske og det Austlege. Planen er å reise i viking til både Wien, Berlin og Istanbul i tillegg til ei røys med andre byar.

Denne turen vart teken litt meir på sparket en den første turen og då me ikkje viste om bilen vart EU-godkjend før no, vart det ikkje høve til å ta snarvegen over Skagerak. Dette er sjølvsagt ein fordel for oss, det betyr at me slepp å stå 5 timar på ferjekaien i Kristiansand fordi me ikkje er så gode på å lesa billettane våre. Ein annan fordel er at me kan unngå ferjer heilt og kunna seia seinare at me køyrde heile vegen. Dette fordrar sjølvsagt at me greier å finne Øresund-brua denne gongen, men me har bedt GPSen om å unngå ferjer, så me får sjå korleis det går.

Nett no er utfordringa å komma oss ut av Noreg. Andrè har triveleg som han er påteke seg fyrste vakta, noko som betyr at eg lyt køyra gjennom Tyskland i natt. Me tek sikte på å nå Praha i på føremiddagen i morgon. Alt dette betyr at eg no lyt prøva å få meg litt søvn. Neste oppdatering, med klaging på kor dårleg eller lite eg sov og kor lite spanandes det er å sjå i Tyskland på nattestid, kjem allreide i morgon.

Nytt og bedre intergalaktisk forsikringsprov.

Nytt og bedre intergalaktisk forsikringsprov.

Eg skal gjere heiderlege forsøke på å Nissanifisere bloggen ein av dei næraste dagane, men ett no skal eg kvila litt. Spenn dykk fast, bokmerk vhaslum.com, følg med i sosiale media og nyt sumaren. Det er no det startar.

Vyrdsamt Vidar.

Pressebilete, dagen før avreise.

Pressefotografane i aksjon.

Pressefotografane i aksjon.

Me er no klare for avreise. Det einaste som ikkje er heilt klart no er bilen. Den skal på EU-godkjenning i morgon klokka 8, men me kjenner oss trygge på at det skal gå fint. Ellers lyt me stela oss eit alternativt framkomstmiddel. Eg tenker ikke på noko spesielt, men Almeiraen til broden står lageleg til… I dag har me nytt dagen til å ta eit knippe bilete for dykkar forlystelse. Me valgte å ta hakket meir skjepelege bilete i år, då Sunnhordland ikkje var så nøgde med utvalet for to år sidan.

IMG_20150617_113514_nopm_

Intergalaktisk forsikringsprov er med.

Me har òg ordna ein del papirarbeid som me ikkje brydde oss på Vesteuropa-turneen. Ting som pass, forsikring og visum er på plass. I tillegg har me bytta GPS for anleidningen og mine to reisekumpaner har kost seg skikkeleg med shopping av klede på Vikjo. Eg held meg til velutprøvde klede, men har bytta til solbriller utan styrke for høvet.

Første stopp på vegen vert Praha, ein kort 24 timars tur i frå Sagvågen. Alt om den forhåpentleg innhaldsrike turen gjennom den halvdelen av Europa me har vitja før, kan de lese om her i morgon.

Resten av bileta frå fotoshooten kan sjåast hjå google, her

Vyrdsamt, Vidar.